Dansk forfattar, eventyrar og polarforskar. Han deltok i Den litterære Grønlandsekspedition 1902–1904 og leia Danmarksekspeditionen til Nordaust-Grønland 1906–1908.
1872–1907
Mylius, som han ofte blir omtalt som, vaks opp i Ringkøbing. Alt som tenåring var han glad i å skriva dikt, somme vart publiserte i lokalavisa.
Unge Mylius reiser til hovudstaden og prøver seg som bl.a. jusstudent, skribent og avismann nokre år. I 1898 debuterer han som dramatikar, eit par år seinare har han fått utgjeve novellesamlingar. Han er så full av prosjekt og idear at han slit med å fullføra det han begynner på.
Den danske litterære Grønlands-Ekspedition 1902–1904
År 1900 møtest tilfeldigvis Mylius-Erichsen og Knud Rasmussen på Færøyane. I 1902 får den nyskilte Mylius med seg Knud Rasmussen på ein idé om ein heilt annleis arktisk ekspedisjon, som får namnet Den danske litterære Grønlands-Ekspedition. Dei vil studera korleis isolasjon og kulde verker på den menneskelege psyke. Kunstmålaren Harald Moltke let seg overtala til å bli med.
Dei skal blant anna samla inn inuitsegner frå Kap-York-området. På tampen blir også Alfred Bertelsen med, som så vidt når å ta medisinsk embetseksamen før avreisa. I Nuuk slutter den grønlandske kateketen Jørgen Brønlund seg til ekspedisjonen, før dei reiser nordover i konebåt.

Undervegs langs kysten får dei sendt rapportar heim til danske aviser om korleis stoda er i dei grønlandske utkantane. For eksempel at i Narsalik har dei ikkje sett lege på ti år. Men Mylius er eit arbeidsjern som ikkje finn seg til rette i den grønlandske kulturen med si avslappa haldning til livet. Då ekspedisjonen kjem til Ilulissat, ender Mylius i krangel, før han isolerer seg frå dei lokale. Ekspedisjonsmedlemmane kjem i konflikt seg imellom, og økonomien er dårleg.
«Der gives intet kammeratskab på en arktisk rejse. Ikke kammeratskab af den rette slags, hvor værdierne står lige, og ene parterne er virkelig noget betydningsfuldt over for hinanden. Den arktiske luft, der siges at være uden bakterier, ejer i hvert fald en farlig smittespore: den personlige ærgerrighed.»
Frå Mylius’ dagbok på Den litterære Grønlands-ekspedisjonen
Ein splitta ekspedisjon reiser nordover til Upernivik i februar og mars 1903, for å prøva å samla seg igjen der. Men doktor Bertelsen blir ikkje med lenger, han har fått nok av Mylius. Dei kjem seg så nordover via den frykta Melvillebukta til Kap York, Moltke er alvorleg sjuk. Ein skotsk kvalfangar vil ikkje ta pasienten med seg, og den ulukkelege ekspedisjonen må overvintra i nord, frå april 1903 til februar 1904.
Diktaren Mylius skildrer steminga:
Så er da sommeren død, Og i det yderste Thule gemmer vi os i en hule.
Den litterære ekspedisjonen, med sine avgrensa ressursar, slikker såra og reiser heim til foredrag og publisitet. Dette var starten på Knud Rasmussens lange arktiske karriere. Han var no blitt kjent med polareskimoane og publiserer Nye mennesker. Moltke hadde produsert fantastiske teikningar og måleri. Bertelsen blei verande som lege i Grønland i mange år.
Ekspedisjonen var så lang nord som drygt 78 grader, altså nord for det Danmark frå før hadde annektert som koloni. Mylius og co har tatt dette nordlege området «i besiddelse for majestæten» og ber utanriksdepartementet om å legga det nye landet inn under dansk herredømme. Ekspedisjonens gjeld (nesten 20.000 danske kroner) blir betalt av staten.
Danmarksekspeditionen til Nordaust-Grønland 1906–1908


Mylius har fått blod på tann. Han får ideen til ein ny ekspedisjon, denne gongen til uutforska område i Nordaust-Grønland. Han offentleggjer planane sine i oktober 2005: Danmark-ekspeditionen til Grønlands Nordostkyst. Skips- og sledeekspedisjonen skal starta sommaren -06 i ein norsk selfangar som blir omdøypt til «Danmark».
På deltakarlista finn vi blant anna den 20 år gamle Peter Freuchen: fyrbøtar og meteorologiassistent. Det vil seia assistent for den kjente tyske vitskapsmannen Alfred Wegener. Kongen har tilgeve Mylius’ tidlegare harde utfall mot kongehuset og seier ja til å vera ekspedisjonens høge beskyttar. Det kan han trenga; Mylius har overskride budsjettet 58.000 danske kroner alt før avreise. Ekspedisjonen inkluderer eit omfattande vitskapeleg program.
Knud Rasmussen er ikkje med, men han besøker «Danmark» og ser at utrustinga er mangelfull. I august 1906 når skipet fram til vinterkvarteret Danmarkshavn, ved Kap Bismarck. Etter nokre sledeekspedisjonar feirer alle 28 jul saman. Men Mylius har lagt seg ut med unge skipper Trolle, og dei klarer ikkje bli heilt einige om julefeiringa.
Utpå vinteren planlegger Mylius å rykka nordover med fire ulike hundespann. Dei er i beit for hundemat. Avreisa frå Danmarkshavn er i slutten av mars. Mylius’ eige lag passerer Nordøstrundingen, dei får kartlagt store område nytt land. Brønlund, Mylius og Høeg Hagen kjem heilt fram til botn av Independencefjorden 1. juni og kan konstatera at «Pearys kanal» ikkje finst. Dannebrog blir heist, og landet «taget i besiddelse for den danske stat».
Når dei endeleg vender om, er det blitt matmangel, og den smeltande sommarisen er tung å ta seg fram i. Dei begynner å ta livet av hundar for å få proviant. Den 23. juni kjem Kochs lag tilbake til skipet. Mylius, Brønlund og Hagen kjem aldri tilbake. Dei må oversomra oppe i nordaust mens dei venter på betre føre. I mars 1908 blir Brønlund funnen omkomen omtrent på 79 grader nord. Dei les i dagboka hans at dei to kameratane var omkomne før han. Restane av ekspedisjonen reiser sørover med «Danmark» 21.7.08. Men då er dødsmeldinga alt kjent i Danmark, via norske selfangstskuter.
Dei vitskaplege resultata av Danmark-ekspedisjonen fyller seks bind. Men lika av Mylius og Høeg Hagen har ikkje blitt funne, trass i mange forsøk gjennom meir enn hundre år. Ludvig Mylius-Erichsen var ein kontroversiell mann med stor energi, han sette djupe spor etter seg i polarhistoria.
