Alfred Wegener

Tysk meteorolog og polarforskar. Mannen bak teorien om kontinentaldrift, som først vart allment anerkjent fleire tiår seinare.

1880–1930

Fullt navn: Alfred Lothar Wegener

Alfred Wegener vaks opp i Berlin og studerte ved universiteta i Heidelberg, Innsbruck og Berlin. Han forsvarte ei astronomisk doktoravhandling i 1905. Året etter sette han verdsrekord saman med storebror Kurt: Dei heldt seg svevande i varmluftsballong

Men den unge forskaren ville ut i felten, nærmare bestemt til Grønland. Han vart med på Danmark-ekspedisjonen til Nordaust-Grønland i 1906-9. Etablerte meteorologisk stasjon, der han blei den første til å bruka drakar og ballongar til å studera polaratmosfæren opp til 3000 meter.

I 1912/13 var Wegener tilbake til Nordaust-Grønland, denne gong under Johan Peter Koch. Strabasiøst var det, men ekspedisjonen blei den første til å overvintra oppe på innlandsisen. 16 islandshestar strauk alle med i løpet av ekspedisjonen.

Wegener kunne så halda fram med publisering av sine datamengder og etablerte seg som internasjonal autoritet på arktisk metorologi. Han gifte seg også med den tolv år yngre Else Köppen, dei fekk tre døtrer.

«At that point a thought came to me. Does not the east coast of South America fit exactly to the west coast of Africa, as if they had been connected in earlier times?”

Alfred Wegener i brev til sin trulova Else i 1911 (omsett frå tysk)

Alfred Wegener kombinerte kunnskapar frå både klimaforsking, paleontologi og geologi. Alt som 30-åring starta han å utvikla nye teoriar: Kontinenta hadde éi gong vore samla i eit «urkontinent» som seinare dreiv frå kvarandre i ulike retningar. Han la fram slike tankar om kontinentaldrift alt på faglege møte i 1911 og -12. Men motbøren frå dei gamle geologane var sterk.

Wegener samla sine teoriar i boka «Die Entstehung der Kontinente und Ozeane» som han fekk utgjeven i 1915. Den kontroversielle boka vart omsett til fleire språk og kom ut i 4. utgåve i 1929. Men Wegener opplevde sjølv aldri at teorien hans vart allment godteken.

Etter første verdskrigen vart Alfred avdelingsleiar på eit meteorologisk institutt. Han underviste også ved universitetet i Hamburg. Men som følge av dei vitskaplege disputtane fekk han ikkje utan vidare professorat. Han utga ei bok om urtidsklimaet saman med svigerfaren.

I 1924 fekk Wegener endeleg ei full professorstilling, og familien flytta til Graz og vart austerrikske borgarar. Så i 1929 drog han til Vest-Grønland for å førebu «Deutsche Grönlandexpedition Alfred Wegener (1930-31)».

Denne ekspedisjonen fekk bl.a. etablert ein forskingsstasjon oppå innlandsisen, etter strabasiøs logistikk med mangelfullt utstyr. I slutten av oktober 1930 leia Wegener ei gruppe på tre mann opp til «Station Eismitte». Temperaturen låg rundt -50, Wegener var bekymra for Georgi og Sorge der oppe. Alle var i live, dei feira Wegeners femtiårsdag den 1. november. Same dagen drog han tilbake mot kysten saman med grønlendaren Rasmus Villumsen. Etter nokre dagars ferd i streng kulde døyr Wegener brått. Hjarta og kroppen hadde fått nok. Rasmus gravlegger han i isen og held fram. Wegener vart funnen året etter, Rasmus vart aldri funnen.