Sekretær, kaptein og historikar
1891–1970
Johannes Kristoffer Tornøe (eller J. Kr. Tornøe, som han brukte i skriftleg samanheng) vaks opp ved Stadlandet i Nordfjord. Han vart tidleg oppteken av hav, fiske og historie. Etter artium tok han både økonomisk og militær utdanning, og fekk kapteins grad i infanteriet 1935.
I 1922 begynte Tornøe som stortingsmedarbeidar i «Nationen». Han starta snart også ei karriere i Bondepartiet og Norsk bondelag. På tjuetalet vart han alliert med dei sentrale grønlandsaktivistane Gustav Smedal og Adolf Hoel. I løpet av 15 år hadde Tornøe sekretærverv o.l. i organisasjonar som Norsk bondelag, Fedrelandslaget, Norges Grønlandslag, Bondepartiets stortingsgruppe, NSIU, Ishavsrådet og Statens kontor for nye arbeidstiltak.
I 1928 deltok Tornøe på sin første polarekspedisjon, under leiing av Hoel. Det var den første norske svalbardekspedisjonen etter at Norges Svalbard- og Ishavsundersøkelser (NSIU) var etablert ved stortingsvedtak. Svalbard-sesongen 1928 vart prega av at Roald Amundsen med mannskap forsvann i flyet «Latham». Tornøe var med på å gjennomsøka indre delar av Isfjorden med båt.
Han samla også inn plantemateriale til Botanisk museum i Oslo. I 1930 og 1931 deltok han på norske ekspedisjonar til Aust-Grønland (i 1931 var han ekspedisjonsleiar). Ekspedisjonane sette m.a. opp fangsthytter som skulle underbygga norsk hevd på det nyleg okkuperte Eirik Raudes land.
Tornøe var særleg interessert i norrøn historie, relatert til Grønland og Nord-Amerika. Dette fekk han bruk for som sekretær for Norges Svalbard- og Ishavs-råd, med Hoel og Smedal i sentrale posisjonar. Konflikten mellom Noreg og Danmark om Aust-Grønland vart behandla i Haag-domstolen 1931–33, og Tornøe søkte støtte for Noregs sak i historia, kunnig som han var i norrønt språk. Han deltok aktivt i arbeidet for å vinna oppslutning om grønlandssaka bl.a. i pressa og i Stortinget.
Etter privat initiativ okkuperte Noreg Eirik Raudes land aust på Grønland i 1931. Sommaren 1932 fann aktivistane Hoel, Smedal og Carl Marstrander at tida var inne for ein liknande okkupasjon heilt sør på den grønlandske austkysten. Tornøe fekk i oppdrag å dra til Sverige for å senda hemmeleg melding om dette i telegram til fangstfolka i det aktuelle området. Tornøe reiste, sjølv om han var betenkt. Han ringte heim frå Karlstad. Også Hoel og Smedal var no meir i tvil, og dei vart samde om å utsetja okkupasjonen.
I artikkelen Hvitserk og Blåserk frå 1935 argumenterer Tornøe for at to fjell som er omtalt i norrøne kjelder, ligg så langt nord som Blossevillekysten på Grønland, og at det faktisk er mogeleg, i Grønlandsstredet, å sjå land på Grønland og Island samstundes.
Seinare fekk Tornøe utgjeve fleire bøker med vidare utvikling av teoriane om den ekspansive norrøne historia, sjå litteraturlista. Han var m.a. overtydd om at Leiv Eiriksson nådde heilt til Cape Cod (Massachusetts) på si vinlandsreise.
Han spekulerte også på om Columbus deltok på ein ekspedisjon til Labrador i 1476–77 under den danske sjøfararen Johannes Scolvus (Skolp)!
Frå 1949 til 1960 hadde Tornøe lange opphald i USA, der han har arbeidd for markering av Leiv Eiriksson både som offisiell minnedag og i form av ein Vinlandspark ved Cape Cod.
Barsk og sterk – eller full og infantil?
Mannsbildet i norsk polarlitteratur I denne artikkelen skal jeg forsøke å peke på noen sentrale trekk ved den mannsrollen vi kan finne gjenspeilet i norsk polarlitteratur. Jeg skal deretter forsøke å sammenholde denne mannsrollen med et materiale hentet fra bøker av to utlendinger – østerrikeren Carl Weyprecht (1877) og dansken Peter Tutein (1928). Underveis blir […]
Karl Weyprecht og ideen om et Polarår
Etter hjemkomsten fra den østeriksk-ungarske nordpolekspedisjonen arbeidet Weyprecht sterkt for internasjonalt samarbeid i polarforskningen, og tok initiativet til det første internasjonale polarår (1882–1883) i 1875. Han mente at store summer og enorme anstrengelser ble gjort for å navnsette og erobre isdekka land i de enkelte nasjoners interesse. I dette bildet spilte imidlertid den samla vitenskapelige […]
Polaråret 1882–83
Det første Polaråret ble arrangert i 1882-83, og Norge var aktivt med helt fra starten. Det skyldtes særlig Henrik Mohn, foregangsmann for den norske polarforskningen. Under det første Polaråret, fra 1. august 1882 til 31. august 1883, hadde Norge sin hovedstasjon i Bossekop (Alta), og en bistasjon i Kautokeino. Stasjonen ble lagt til Bossekop etter anvisning […]