Henrik Mohn

Professor, grunnla norsk meteorologisk forsking

1835–1916

Bergensaren Henrik Mohn studerte realfag i Christiania og vart i 1860 universitetsstipendiat i astronomi. I 1866 oppretta den norske staten Det meteorologiske institutt, ved universitetet i Christiania. Mohn var eit sjølvsagt val som leiar, og han leia instituttet gjennom dei første 47 åra!

Noreg var tidleg ute med å oppretta eit meteorologisk institutt. Mohn var ein pioner som brukte fysiske lover og termodynamikk til å forklara vindstraumar og meteorologi. Han var også oppteken av vitskapens praktiske nytte for samfunnet, og han brukte bl.a. observasjonar frå fangstfolk, fyrvaktarar og interesserte folk utover landet i arbeidet.

Saman med Georg Ossian Sars la han i 1874 planen for «Den norske nordhavsekspedisjonen». Dette store forskingsprosjektet vart gjennomført i 1876–78 under Mohns og Sars’ kunnige leiarskap. Mohn publiserte det meteorologiske materialet frå alle tre «Fram»-ekspedisjonane. Det var også teoriar om havstraumar lagde fram av Mohn som Nansen ville testa med sitt dristige tokt. Desse to var gode kolleger og vener.

Etter ekspedisjonen så Mohn seg rettferdiggjorde til å kunngjera at havet

for Eftertiden bære Navnet ’Det norske Hav’, saavel fordi det siden umindelige Tider har været befaret af vore Sømænd, som fordi den norske Nation nu har overtaget dets videnskabelige Undersøgelse.

Gjennom namnebruken «erobra» Mohn i realiteten eit stort havområde for Noreg.

Mohn var i ei årrekke ein sentral person i det internasjonale meteorologiske samarbeidet. Han var også kunstnar; då Posten ga ut Jan-Mayen-frimerke i 1957, var motivet eit måleri av Henrik Mohn.

Vi maa tilstaa at vi endnu er ved begyndelsen, men Gryet af den Dag, der kaster Lyset over Veir og Vind med alle deres Luner, er allerede oprunden, og det Lys, det hidtil har formaaet at utbrede, har ikke alene været til stor Nytte i det praktiske Liv, men lader os ogsaa ane den velgjørende Klarhed, den kommende Dag vil sprede over det der endnu ligger i Mørke.

Foredrag, desember 1864, i Den tekniske forening i Kristiania