Tre menn foran en flybåt
Tre menn foran en flybåt

1925 Roald Amundsen – Lincoln Ellsworths flyekspedisjon 

21. mai 1925 starta seks mann med Roald Amundsen i spissen på flytur frå Svalbard mot Nordpolen i to sjøfly, «N24» og «N25». Det blei dramatisk. Då N24 havarerte i isen, måtte alle seks redda seg tilbake i «N25», som var dimensjonert for tre personar. Det tok fleire vekers strev med små dagsrasjonar å rydda ein startbane i drivisen.

location_on Nordishavet

manage_accounts Roald Amundsen

sailing «N24», «N25», «Hobby» og «Sjøliv»

 Flypioneren Amundsen 

Roald Amundsen var tidleg oppteken av fly som metode for nye ekspedisjonar. Han kjøpte faktisk sitt første fly alt i 1914. Etter verdskrigen drog han i gang den langdryge Maud-ekspedisjonen. I Alaska gjer han eit lite vellukka flyforsøk i 1923. Så går han konkurs i 1924. Redninga vart den amerikanske rikmannssonen Lincoln Ellsworth.

Ellsworth stod for pengane mot at han fekk bli med på reisa. Med hjelp også frå Norsk Luftseiladsforning og flygaren Hjalmar Riiser-Larsen skulle det bli ny polarekspedisjon i 1925. Riiser-Larsen kontrollerte bygginga av to Dorner Wal flybåtar, som blei frata nordover med «Hobby» i store kassar. 

I lufta

21. mai 1925 var Kristi himmelfartsdag! Tidleg på morgonen letta dei to flya frå Kings Bay (Ny-Ålesund) med nok drivstoff til å kunna flyga til Nordpolen og tilbake. Det gjekk bra i mange timar. Etter meir enn åtte timars flygetur gjekk dei ned på isen. Omtrent halvparten av bensinen var brukt opp alt. Men dei klarte ikkje å landa på same staden, det tok fleire dagar før alle seks var samla ved N25. 

Det viste seg at N24 hadde fått skade på skroget alt då dei tok av frå Kings Bay, den var no ubrukeleg. Etter kvart får dei frakta N25 (no også som «isbrytar»)over til staden der N24 havarerte og begynner leitinga etter eit mest mogeleg flatt isflak i nærleiken.

Klargjør rullebane på isen 

Provianten var ikkje stor, så dei måtte gå på knappe dagsrasjonar i det mødesame arbeidet med å rydda ei flystripe på 500 meter. Endeleg den 15. juni var det klart for å stua saman alle seks i N25 for eit nervepirrande forsøk på avgang. Riiser-Larsen er bak spakane. Stripa er frosen til om natta, og det fungerer, dei kjem seg velberga opp i lufta! 

Ny nødlanding 

Dei kjem seg heilt fram til Svalbards nordkyst før sideroret streiker, og dei blir nøydde til å ta ei naudlanding på sjøen ved Nordaustlandet. Riiser-Larsen klarer å styra flybåten inn til land. Det er blitt kveld. Dei har litt kjeks og sjokolade til å feira at dei endeleg har fast grunn under føtene. Så har dei flaks: Ei fangstskute kjem tilfeldigvis forbi! Det er kutteren Sjøliv av Balsfjord, med kaptein Nils Wollan. 

Han kjenner ikkje igjen dei skitne skjeggete folka med det same. Men når han ser den store nasen i profil, er det ingen tvil: Roald Amundsen. Etter at dei seks er komne om bord i Sjøliv, tek dei kvarandre i handa. Ekspedisjonen var avslutta. Amundsen skriv: «Der lå meget i det håndtrykk.» 

Tilbake i Kings Bay (Ny-Ålesund) 

Sjøliv klarer å slepa N25 heilt til Kings Bay. Og ikkje minst, dei klarer å berga dei endå meir verdifulle filmrullane som Oskar Omdal har teke opp i løpet av ekspedisjonen. Materialet blei brukt til svært populære visningar på norske kinoar. Så vart det laga nye versjonar til visning i ulike land. 

Natt til 18. juni kjem dei fram til Kings Bay. Der har folk mista trua på at dei seks framleis er i live, så det blir fest og «stor oppstandelse». Men det var småtteri mot feiringa som venta dei då dei kom fram til «den festklædde hovedstad» den 5. juli.