Søren Syvertsen

Maskinist på Roald Amundsens Maudekspedisjon i 1923

1884–1923

Fullt navn: Søren Marentius Syvertsen

Søren Marentius Syvertsen vart fødd 23. oktober 1884 i Fredrikstad. Han begynte i marinen i 1904, busette seg med familie i Horten og vart etter kvart maskinist i ubåtvåpenet.

I desember 1921 blei han hyra som maskinist til «Maud». Han reiste frå Noreg til Amerika vinteren 1922 for å slutta seg til ekspedisjonen. Han var med då «Maud» drog frå Seattle opp att til Alaska i 1923. Amundsen beskreiv han som «en glimrende mann».

Syvertsen blei sjuk om bord i juni 1923 og døydde den 10. juli av det som Wisting meinte var hjernebetennelse. Syvertsen vart senka i havet.