Fangstmann, disponent og amatørgeolog
1978–1964
Sigurd blei fødd i fiskarmiljø i Måsøy i Finnmark. Som ung mann tok han offiserskule i Harstad. Han var seinare tilsett ved hamna først i Kirkenes, så i Tromsø. I 1917 var han med på å utrusta ein ekspedisjon til Jan Mayen (Hagerup-ekspedisjonen) som overvintra og fekk rekordfangst på meir enn 250 rev.
Først i 1932, som 54-åring, drog Sigurd sjølv ut på overvintringsfangst. Han tok med ein av sønene, Arnljot, på ekspedisjon til Aust-Grønland. Dei skulle ta i bruk eit stort område ved Moskusheimen, Kap Herschell og Kuhn Ø. Tolløfsen sette bl.a. opp stasjonen Sigurdsheim.
I mai 1933 skjedde tragedien: Arnljot kom aldri tilbake frå ein lang sledetur, han må ha gått gjennom isen, 25 år gammal. Sigurd tok ein overvintring til, saman med tre andre, og reiste heim i 1934. På to overvintringar med 5–6 mann fekk dei ein samla fangst på over 400 rev, pluss isbjørn, tran, moskus, laks med meir. Dette ga meirsmak.
Han prøvde seg blant anna som gullgravar i Finnmark, men det vart Aust-Grønland på nytt. Han fekk hjelp av stortingsmann Aldor Ingebrigtsen (Ap) til å søka staten om støtte til ny ekspedisjon. Tolløfsen utrusta i 1937 ein ekspedisjon på seks mann som skulle fangsta i hans eige og John Giævers terreng i omtrent same området som sit. Men isen låg fast, og «Isbjørn» kom seg ikkje inn til det aktuelle området med ekspedisjonen. Dei måtte returnera til Noreg, Tolløfsen med store tap.
Året etter lukkast det, Isbjørn kom seg inn til Aust-Grønland, med fire mann, inklusive Sigurd og sonen Eivind Tolløfsen. Eivind tok to overvintringar, den siste aleine. John Giæver skriv at «gamlingen» som no var passsert 60, sleit seg ut på den harde vinteren.
Barsk og sterk – eller full og infantil?
Mannsbildet i norsk polarlitteratur I denne artikkelen skal jeg forsøke å peke på noen sentrale trekk ved den mannsrollen vi kan finne gjenspeilet i norsk polarlitteratur. Jeg skal deretter forsøke å sammenholde denne mannsrollen med et materiale hentet fra bøker av to utlendinger – østerrikeren Carl Weyprecht (1877) og dansken Peter Tutein (1928). Underveis blir […]
Karl Weyprecht og ideen om et Polarår
Etter hjemkomsten fra den østeriksk-ungarske nordpolekspedisjonen arbeidet Weyprecht sterkt for internasjonalt samarbeid i polarforskningen, og tok initiativet til det første internasjonale polarår (1882–1883) i 1875. Han mente at store summer og enorme anstrengelser ble gjort for å navnsette og erobre isdekka land i de enkelte nasjoners interesse. I dette bildet spilte imidlertid den samla vitenskapelige […]
Polaråret 1882–83
Det første Polaråret ble arrangert i 1882-83, og Norge var aktivt med helt fra starten. Det skyldtes særlig Henrik Mohn, foregangsmann for den norske polarforskningen. Under det første Polaråret, fra 1. august 1882 til 31. august 1883, hadde Norge sin hovedstasjon i Bossekop (Alta), og en bistasjon i Kautokeino. Stasjonen ble lagt til Bossekop etter anvisning […]