Mikhail Lomonosov

«Den russiske vitenskapens far»

1711–1765

Fullt navn: Mikhail Vasiljevitsj Lomonosov

Mikhail Lomonosov blei fødd i 1711 i ein liten landsby som den gongen het Misjaninskaja (no Lomonosovo), nokre få mil søraust for Arkhangelsk, ved Kvitsjøen, ikkje så langt frå grensa til Noreg. Han lærte seg tidleg å lese, for han var veldig glad i bøker og las alt han kom over. 

Faren hans var opphaveleg fiskar, men tente meir pengar på å drive frakt og handel langs elva Nordre Dvina, og i dei nordlege kystområda – det som den gongen vart kalla Lappland. Dette var tida då den såkalla Pomorhandelen blei etablert, og handelsvarer bytta mellom folk i Nord-Norge og i Nordvest-Russland. Mikhail var med faren på slike handelsreiser på faren sitt skip alt frå han var ti år gammal. 

Mikhail Lomonosov mista mora si tidleg, og faren gifta seg på ny med ei kvinne som sonen visstnok ikkje kom så godt overeins med. Og det, saman med det inderlege ønsket om å lære meir og få ei utdanning, gjorde at han i ein alder av 18 år i 1730 tok beina fatt og gjekk den 100 mil lange vegen til Moskva. 

I Moskva ønska han å studere, men det var ikkje den gongen slik at kven som helst kunne bli tekne opp som studentar ved universiteta, ein måtte vere blant dei privilegerte. Lomonosov laug at han var son av ein embetsmann og prest, og det skaffa han studieplass på Det slavisk-gresk-latinske akademiet. Først studerte han gresk, latin og filosofi. Etter fire år i Moskva og eit år ved universitetet i St. Petersburg fekk han, som sært talentfull student, tildelt stipend for å studere i utlandet. Valet falt på Tyskland, kor Lomonosov i løpet av fem år studerte ulike fag, mellom anna metallurgi og gruvedrift. 

Etter studia drog han tilbake til St. Petersburg og etablerte seg der. St. Petersburg var hovudstad i Russland på denne tida, og her heldt også tsarfamilien til. Lomonosov blei ganske snart professor ved universitetet, og i 1748 fekk han bygd eit kjemilaboratorium der – det første av sitt slag i Russland. 

Lomonosov var religiøs, opphaveleg ortodoks, og han var ein tydeleg tilhengar av det russiske monarkiet. Han skreiv dikt og kyrkjelege odar; han skreiv skodespel som blei satt opp på nasjonale teater;  han ga ut eit verk om Russlands historie; han var engasjert i pedagogikk og utdanning av studentar; han utvikla eit russisk litterært språk med normering og grammatikk. Og han laga noko han kalla «det syllabotoniske versifikasjonssystem» innanfor diktarkunsten. Det er dikt som ikkje har rim, men ein rytme basert på stavingar i kvar verselinje.  

I si samtid var Mikhail Lomonosov mest kjent og anerkjent for diktinga og arbeidet innafor humaniora, men seinare har ein sett at mange av dei naturvitskapelege arbeida han utførte var forut for si tid. For å nemne noko av dette: Han bygde eit teleskop som synte fram ein atmosfære rundt planeten Venus. Han dokumenterte at kvikksølv frys på -38°C. Han hevda at alt materiale i verda er bygd opp av dei same minste elementa.

Han hadde også ei formeining om korleis isfjell som dreiv i sjøen hadde blitt danna. Han meinte at isfjell måtte ha vore bygd opp på fast grunn før dei enda i havet. Og etter som det flaut isfjell i Sørishavet så måtte det finnes eit landområde heilt sør på kloden også.

Čičagov-ekspedisjonen

Lomonosov hadde også ei direkte tilknyting til Svalbard. I eit forsøk på å finne ein nordleg passasje til Stillehavet mellom Grønland og Svalbard planla og organiserte han ein ekspedisjon med utgangspunkt i Bellsund i 1764–66. Lomonosov deltok ikkje personleg, ekspedisjonen blei leia av Vasilij Čičagov. To overvintringar hadde ekspedisjonsmedlemmane i Bellsund, inne i det som seinare fekk namnet Recherchefjorden. Første overvintring gjekk bra, men andre overvintringa mista åtte mann livet av skjørbuk. Med tre skip kom ekspedisjonen seg nord til 80°26’ nord før dei møtte iskanten og måtte snu. Forsøket på å finne nordaust-passasjen blei gitt opp. Lomonosov var i mellomtida gått bort, han blei berre 54 år gammal.

Den russiske leiren til ekspedisjonen var plassert på Tomtodden, namnet er basert på tuftene etter dei 16 bygningane som Čičagov-ekspedisjonen sette opp der i 1764. I 1979 grov russiske arkeologar ut desse tuftene, og funna derfrå er no i utstillinga til Svalbard museum.

Dei såkalla russekorsa som ekspedisjonen hadde sett opp, stod fortsatt der i 1838 då Recherche-ekspedisjonen kom til Bellsund, og kunstnaren Auguste Mayer har foreviga desse korsa i fleire av sine teikningar frå Tomtodden.

Forfatter: Oddveig Øien Ørvoll