Martin Conway

Engelsk fjellklatrar som blei Svalbardpioner

1856–1937

Fullt navn: William Martin Conway

Martin Conway blei fødd i 1856 i Rochester, England. Han studerte matematikk ved universitetet i Cambridge, her fatta han også interesse for kunstfaget – spesielt tresnitt og graveringsarbeider. Historie var også eit interessefelt, og kunnskap om temaet henta han gjennom sin fascinasjon for dei gamle bøkene i universitet sitt bibliotek. 

Conway var ein ivrig fjellklatrar. I studietida brukte han ein heil del tid i Alpane, kor han klatra og teikna kart av toppar som ikkje nokon hadde utforska tidlegare. I voksen alder gjekk turane både til Himalaya, og til Andesfjella i Sør-Amerika.

Svalbard 1896

Martin Conway kom til Svalbard 17. juni 1896, tilfeldigvis på dagen 300 år etter at Willem Barents hadde oppdaga øygruppa. Conway var leiar for ein ekspedisjon som ville utforske og kartlegge innlandet av Spitsbergen, fjellområda som ikkje var så lett å komme til. Truleg hadde ingen nokon gong tidlegare kryssa Spitsbergen mellom aust og vest.  

Det var fem britiske deltakarar på ekspedisjonen, pluss to hjelpesmenn som Conway hyra i Tromsø. Under planlegginga av ekspedisjonen hadde Conway lest all skriven litteratur om Svalbard som han hadde komme over, og ut frå dette trudde han at nesten heile Spitsbergen sitt innland var dekka av is. Derfor hadde han med seg sledar av same type som Nansen hadde brukt då han gjekk over grønlandsisen nokre år tidlegare. Til å drage sledane hadde Conway skaffa to lyngshestar i Tromsø. Då ekspedisjonen starta, frå Adventpynten og innover Adventdalen, var vårsmeltinga på sitt sterkaste, og gav både folk og hestar store utfordringar. Conway talde 52 elver på ei 1,6 km lang strekning  (ei engelsk mil), mange av elvene var djupe og måtte forserast gjennom stri straum. Sledane måtte berast over elvene for at ikkje alt innhaldet skulle bli vått. Blaute myrer og ujamne moreneområde var også ei utfordring, ikkje minst for hestane som ofte sokk til buken i gjørme. Ikkje så rart at hestane av og til såg sitt snitt til å rømme av garde, og måtte leitast opp og hentast tilbake. 

Ekspedisjonen var til tider delt opp, og nokon drog med båt for å utforske geologien i områda rundt Isfjorden. Conway hadde med seg målebordsutstyr som han brukte til topografisk kartlegging. Han klatra på fjelltoppar rundt Adventdalen, Sassendalen, og Agardhdalen og rundt botnen av Van Mijenfjorden, kor han målte høgder og avstandar for å teikne kart.  

Etter ein dryg månad med både vær- og logistikkmessige utfordringar hadde ekspedisjonen nådd målet sitt – å krysse Spitsbergen, mellom Adventfjorden og Agardhbukta.  Conway hadde kryssa mange brearmar, men ikkje funne noka heildekkande brekappe i innlandet. Tilbake i Adventfjorden hadde Vesterålens Dampskibsselskab i løpet av desse vekene satt opp eit turisthotell – på det som derav fekk namnet Hotellneset. Området var no fullt av turistar frå mange land, og Conway følte at han kom tilbake frå villmarka til eit sentrum med høgt utvikla sivilisasjon. 

På Hotellneset fekk Conway høyre at kysten rundt heile øygruppa no var isfri, så mennene nytta høvet til å ta ein rundtur med ei lita turistskute. Det visste seg at isen hadde trengt lenger sørover i mellomtida, men dei kom seg til vestkysten av Nordaustlandet, sørover Hinlopenstretet, og deretter nesten til Kong Karls Land.  

1896 var eit år med mye aktivitet i Arktis. Conway sin ekspedisjon fekk helsa på Salomon Andrée, som førebudde ballongferd i Virgohamna, og dei traff Gerhard de Geer som utforska landet omkring Isfjorden. I Hammerfest, på heimveg frå Svalbard, fekk Conway handhelsa på Fridtjof Nansen og (ein beskjeden) Hjalmar Johansen som kom frå overvintringa på Frans Josefs land, og då Conway kom til Tromsø låg «Fram» ved kai, etter tre år på veg over Polhavet.  

Svalbard 1897

Martin Conway var tilbake på Svalbard allereie neste sommar, i 1897. Denne gongen hadde han med seg berre ein av førre års ekspedisjonsdeltakarar,  Edmund J. Garwood – fjellklatrar, geolog og fotograf. I tillegg hadde Conway hyra to norske hjelpesmenn. Føremålet med denne ekspedisjonen var det same som førre året – å utforske innlandsområda, og denne gongen ville Conway finne svar på om den nordaustlege delen av Spitsbergen var dekka av is eller ikkje. 

Ekspedisjonen tok seg først opp Nordenskiöldbreen, inst i Billefjorden. Conway hadde kjøpt inn norske ski, igjen inspirert av Nansen. Dette var utstyr dei to britane ikkje hadde prøvd før, men som blei svært nyttig etter kvart som dei fekk erfaring med bruk av ski og stavar. Sommaren var mild og snøen oppbløyt, så utan ski hadde det blitt enda mye tyngre å slepe dei to sledane etter seg. Mennene kom seg oppover breen til Lomonosovfonna, men den eine assistenten fekk dødsangst, og ekspedisjonen måtte snu og returnere til Billefjorden.  

Frå Billefjorden gjekk ferda videre med båt til Kongsfjorden, kor dei drog sledane opp mellom bresprekkane på Kongsvegen. Conway og Garwood klatra på fleire av dei høgste fjella i området, og sette namn på fleire av dei. Frå toppen av desse høge fjella kunne Conway sjå til alle kantar, og han slo fast at det stakk fjell opp gjennom isen på det aller meste av Spitsbergen. Dei gamle førestillingane om at heile Spitsbergens innland hadde ei brekappe tilsvarande den på Grønland kunne dermed avvisast. Den einaste delen av øya som Conway ikkje hadde fått eit glimt av, var Ny-Friesland. 

På vegen heim med båt frå Svalbard hadde ekspedisjonen ein stopp i Hornsund, der Conway og Garwood klatra opp på toppen av Hornsundtind. Garwood hadde vore der førre sommaren og kommen seg nesten opp, men måtte då snu på grunn av store mengder nysnø. 

No Man´s Land 

Martin Conway hadde sett seg svært godt inn i Svalbard si historie før han la ut på dei to ekspedisjonane i 1896 og -97. Det resulterte i ei bok som han ga ut i 1906: No Man’s Land.  Her gjekk Conway gjennom alt han hadde funne av skriftlege kjelder som omhandla Svalbard gjennom Svalbard si fram til då 300 år lange historie. Han trakk også fram alle stadnamna som han fann på gamle kart, og meinte at dei først sette namna alltid skulle ha forrang framfor nyare namnsettingar. 

Si akademiske karriere hadde Conway som kunstkritikar og professor i biletkunst, i tillegg var han over mange år parlamentsmedlem i det britiske Underhuset. Før svalbardekspedisjonane hadde Martin Conway laga kart over eit område i Himalaya, og for dette blei han æra med tittelen Sir i 1895. Seinare fekk han status som Baron Conway of Allington. Conway skreiv mange bøker, både om kunst og om sine reiser som fjellklatrer og utforskar. 

Forfatter: Juliane Bockwold