Lars Hansen

Lars Hansen var kjent som «Ishavets dikter» med sine ishavsromaner som skildrer fangst og overvintringer i ishavsstrøk. Han debuterte som 57-åring.

1869–1944

Fullt navn: Lars Georg Hansen

Då Lars var to år gammal, flytta familien frå Molde og slo seg ned i Tromsø. Her utdanna han seg til blekkslagar, som sin far, og skaffa seg eigen verkstad. Han gifta seg med Ragna Sofie Zachariassen, dotter av ishavsskipper Søren Zachariassen. Broren Ludvig Anton Hansen deltok som sjømann og blikkenslagar på Amundsens Sørpolekspedisjon i 1910–12. Etter 1905 steig prisane på ishavsprodukt, og blekkslagar Hansen prøvde seg som ishavsreiar. I 1920 var det slutt på dette eventyret: Hansen måtte selja både båter og verkstad. Årsakene var forlis, brann og sviktande marknader.

Som 53-åring reiste Hansen til USA, der han på vestkysten og i Alaska livnærte seg av bl.a. kvalfangst, gardsarbeid og laksefiske. Her begynte han også å skriva fortellingar, før han reiste heim til gamlelandet i januar 1925.

Hansen hadde ikkje vorte rik i Amerika. Heime i Tromsø får han pelsmakar Sigurd Storstad med seg på ein sommarekspedisjon til Dunøyane på Svalbard. Mens Storstad gjer praktisk arbeid, sit Hansen flittg og skriv på sitt første bokmanus. Det viste seg snart at Gyldendal var interessert i ishavshistorier. Forlaget ga året etter ut debuten I Spitsbergens vold på haustlista 1926.

Da jeg traff han Grieg, spurte jeg om jeg kunde få 500 kroner. Og jeg har aldri blitt så forferdet som da han sa til kasserersken: Vil de la Lars Hansen få 500 kroner. Jeg løp nesten ned til båten og var redd for at han skulle angre sig. Selv syntes jeg ikke manuskriptet var verd fem øre.

Hansen mimrer om møtet med forlagsdirektør Harald Grieg i 1926, frå syttiårsintervju i Aftenposten 7.1.1939.

Mottakinga var god: «… Boken  er saa interesant at den bør læses over alt her nord og vi sikkert vinde indpas overalt hvor nordmænd færdes.» skreiv G. i Vestfinmarken (8.12.26). Helge Krog i Dagbladet og Nordahl Grieg i Tidens tegn let seg også imponera. Taiminga er god: Svalbard har nyleg blitt norsk territorium.

Sigurd Hoel meinte at dei to viktigaste debutantane dette året var Cora Sandel og Lars Hansen. Sjå Wærp, 2017 for ei litterær analyse av boka og farfattarskapen. Resten av livet skriv Hansen meir eller mindre ei bok i året. I tillegg til ishavet er fiskarlivet i Nord-Noreg ofte tema. Han blir omsett til åtte ulike språk.

Men etter kvart mista forfattarskapen originalitet, stoffområdet blir fjernare for den aldrande forfattaren, som har slått seg ned sørpå. Han melder seg tidleg inn i Nasjonal samling, og vi kan finna ein rasistisk tendens i somme av bøkene. Han publiserer i 1937 og 1940 sjølbiografiske bøker med bitre utfall mot kritikarane sine.

Lars Hansen støtta det miljøet vi i dag gjerne kallar ishavsimperialistane, med Adolf Hoel i spissen. I Skarvereiret frå 1942 står det ein dedikasjon: TILEGNET DEN NORSKE ISBRYTEREN «PROFESSOR ADOLF HOEL». Mot slutten av livet jobba han hardt for å få reist eit storslege monument over Eirik Raude i Oslo. Då Hansen fylte 75 år i januar 1944, sende han eit takkekort til Hoel der han skriv: «Jeg tror det lysner for oss». Eit halvt år seinare blei Hansen gravlagt på Vår frelsers gravlund i Oslo.



Min kirke er polarlandet med sin villrevne natur og ishavet i sitt villeste kav. Her kommer du i bedre kontakt med Vår Herre enn foran all verdens prekestoler.

Frå eit av dei aller siste intervjua med Lars Hansen, 1944