Jens Munk

Polarforsker, oppdager og kaptein fra Arendal

1579–1628

Jens Munk er neppe langt framme i medvitet ditt når du tenkjer på norske polfararar, men Arendals tøffe son Jens Munk opplevde eventyr som knapt nokon andre. Som tolvåring drog han til sjøs. Han reiste til England og Portugal og busette seg i Brasil.

I 1609 fór Jens Munk med den dansk-norske marinen til Novaja Semlja på ei ferd som enda i forlis. Kongen i København hadde polare ambisjonar på den tida, og året etter var Munk med for å finne Nordaustpassasjen til Asia. Vanskeleg is stoppa forsøket, men Kong Kristian IV såg òg vestover, og i 1619 gav han Munk oppgåva å leie ein ekspedisjon med to skip for å finne den nordvestlege snarvegen til Stillehavet. Dei segla inn i Hudson Bay, som viste seg å vere ei blindgate. Skutene fraus fast, og vinteren enda i mareritt – eit drama du snart kan sjå i den danske storfilmen Nordvest-Xpedition. Av dei 65 sjøfolka døydde 62 av skjørbuk. 4. juli 1620 skriv Munk sitt eige testament, men han kunne spart seg bryet. Saman med dei to andre overlevande greidde han å få laus den eine skuta frå isen, og etter 67 dramatiske døgn over Atlanterhavet skvulpar dei i land på Vestlandet, tannlause, fillete og med havarert rigg. Ein kunne tenkt seg at han hadde brukt opp tabbekvoten sin, men han heldt fram på spennande oppdrag i kongens teneste til han døydde i 1628.