Jean-Baptiste Charcot

Fransk polarforskar, lege, idrettsmann og marineoffiser

1867–1936

Fullt navn: Jean-Baptiste Étienne Auguste Charcot

frimerke med portrett av eldre mann
Charcot på fransk frimerke 1938.

Som ung mann fekk Charcot bli med far sin på spennade reiser til Jan Mayen, Island og mange andre destinasjonar. Alt i 1893 den unge mannen bygga sitt første større fartøy, kuttaren Pourquoi Pas ?. Det skulle etter kvart bli heile fire ulike Pourquoi Pas ? under Charcots kommando. Han fullførte medisinsk doktoravhandling i 1895. Han var fransk meister i rugby og tok sølv i segling i Paris-OL 1900. 
 
I 1901 og 1902 er han på vitskaplege tokt til bl.a. Shetland, Færøyane og Jan Mayen. I 1903-05 leier Charcot ein fransk ekspedisjonen til Antarktis. Dei bygde hytter og overvintra ved Booth Island 1904. Dei kartla Loubet-kysten og utførte eit stort vitskapleg program. 1908-10 leia Charcot igjen ein vitskapleg overvintringsekspedisjon til Den antarktiske halvøya.
 
Frå 1925 vende Charcot igjen merksemda si mot Arktis. Han gjorde fleire ekspedisjonar til Jan Mayen, Framstretet og Grønland fram til siste reis i 1936. Han fekk oppnamnet «fransk polarforskings far». Han var sentral i arbeidet med ein fransk forskingsstasjon i Scoresbysund under Det internasjonale polaråret 1932-33.
 
På veg heim frå Grønland med Pourquoi Pas ? i 1936 var ekspedisjonen innom Reykjavik Etter at skipet forlèt hamna i Reykjavik, blåste det opp til orkan. Skipet vart knust inn mot kysten, berre éin av mannskapet var heldig og blei kasta levande på land. Hallvard Devold fortel om dette i si bok «Polarliv» frå 1940 (side 55):

screenshot av tekst fra bok