Gunnar Holmsen

Statsgeolog

1880–1976

Holmsen ruver som ein av dei store i norsk naturvitskapleg forsking på 1900-talet. Han deltok på vitskaplege ekspedisjonar til Svalbard i 1908, 1909 og 1912.

Gunnar Holmsen vaks opp på Røros og tok artium i Hamar. Etter eit år på Krigsskulen studerte han ved Universitetet i Oslo til cand.real. 1905. Mesteparten av livet var Holmsen knytta til Norges geologiske undersøkelse, frå 1918 med tittelen statsgeolog.

Sommaren 1908 slo Holmsen følge med Adolf Hoel til Svalbard, på den såkalla Holmengrå-ekspedisjonen. Eitt av formåla med ekspedisjonen var at Hoel ville sikra anneksjon av eit nyoppdaga kolfelt. Botanikar Hanna Dieset var alt på Svalbard, ho blei med ekspedisjonen vidare. Året etter gifta Gunnar og Hanna seg.

Holmsen var fascinert av alle dei spennande vitskaplege spørsmåla han fann på Svalbard. Etter audiens hos kong Haakon og støtte frå industriherren Sam Eyde leia Holmsen i 1909 ein ny ekspedisjon på seglskuta «Maria». Kolleiting var igjen eit tema. På heimturen lak Maria så ille at dei måtte søka naudhamn og etterlata henne i Recherchefjorden. Ekspedisjonen fekk haik ned til Tromsø med kvalbåten «Beta». Holmsen kontakta det svenske Riksmuseet for samarbeid om analyse av materiale frå Svalbard. Men svaret frå gamle professor Nathorst var nedslåande: Svalbard var eit område for svensk forsking. Så unge Holmsen drog heller til Zürich året etter og vart sterkt inspirert av professor Albert Heim. Han fordjupa seg i fenomenet «jordbunnsis» på Svalbard, som han disputerte på i 1914.

Som NGU-tilsett var det så naturleg at den geofysiske forskinga hans etter doktorgraden dreia seg om fastlands-Noreg. Han var m.a. svært tidleg ute med å gjera pollenanalysar frå myrer, i samarbeid med Hanna. Gunnar Holmsen arbeidde i ei årrekke med ei grundig kvartærgeologisk kartlegging. Han er den som har publisert mest i NGUs skriftserie, og han var fagleg aktiv til han var over nitti.