Apotekar, Roald Amundsens ven og leverandør i Tromsø
1869–1956
Fullt navn: Fritz Gottlieb Zapffe
Fritz Gottlieb Zapffe blei fødd i Larvik i 1869, faren var skiltmålar. Han vart cand.pharm. i 1891 og bestod apotekareksamen i 1893. Han kom alt året etter til Tromsø og gifta seg i 1897 med Gudrun Wessel. I tillegg til apotekjobb vart han som ung mann korrespondent for Morgenbladet. Han var også ein fysisk aktiv mann både som turnar, skiløpar, skyttar og fjellvandrar.
I boka si om Roald Amundsen fortel Zapffe at han i 1901 la merke til ein framand ung mann i Tromsø. Som nysgjerring journalist følgte Zapffe etter framandkaren ned til kaia der Amundsen inspiserte «Gjøa». Reporter Zapffe fann ut at den unge mannen hadde kjøpt «Gjøa». Men han hadde ikkje sagt noko om kva han skulle med den.
Den ferske journalisten mota seg opp til å besøka Amundsen på Hegboms hotell. Etter innleiande rundar spurte Amundsen om hjelp til å skaffa mannskap til ein «ekspedisjon» med Gjøa. Amundsen sleit med finansieringa av sin ekspedisjon til den magnetiske nordpolen og Nordvestpassasjen. Det ende med at han for Zapffe avslørte planane sine.
Unge Zapffe fekk svar på alle spørsmåla, han fekk heile førstesida i Morgenbladet. Då gjekk det ikkje mange dagane før pengestøtta begynte å rulla inn til Amundsen. Med det var eit venskap og eit samarbeid etablert. Zapffe var oppfinnsam; han laga sjølv både bakepulver og skoimpregnering til Amundsens ekspedisjonar, han spesialtørka fisk. Og han hadde gode kontaktar. Han fekk ei samisk kvinne (Margrethe Kitti) til å sy utstyr og klede til Amundsen. Som også fekk sennegras av topp kvalitet.
I 1910 er Zapffe ein av dei svært få som på førehand veit at Amundsen eigentleg skal til Sørpolen. Zapffe var invitert med, men måtte trekka seg av familiære grunnar.
I 1915 fekk Zapffe løyve til å starta eige apotek, «Nordstjernen» vart byens tredje. Då han fekk tilbod om å bli med Amundsen på «Maud»-ekspedisjonen (1918), følte Zapffe at han dessverre ikkje kunne forlata det ferske apoteket sitt. I 1925 hadde Zapffe lyst til å bli med på Amundsens flyekspedisjon mot Nordpolen med N-24 og N-25, men det vart ikkje til at han blei med no heller.
Endeleg, i 1926, klaffer det: Zapffe blir med til Svalbard som materialforvaltar for luftskipsekspedisjonen med «Norge». Det vart ein suksess som blei formørka av at Amundsen gjorde Umberto Nobile til sin fiende. Så i 1928 besøker Amundsen og hans følge igjen Zapffe i Tromsø. Her får Amundsen hos Zapffe servert det som skal bli det siste måltidet i hans liv.
Nokre år etter Amundsens død skreiv apotekaren ei bok om sitt lange samarbeid med polfararen. Boka er noko av det mest panegyriske som er skrive i polarlitteraturen.
Det var vanskelig å si hvad man beundret mest hos ham, fordi alle et menneskes beste egenskaper hos ham var forenet til en harmonisk helhet.
Zapffe om Amundsen i boka frå 1935.
Fritz Zapffe var far til Peter Wessel Zapffe (1899–1990) filosof, forfattar, fjellklatrar og jurist. Peter gjekk forbi faren i å bli ein nasjonalt anerkjent «kjendis». Om oppveksten har han fortalt at fader Fritz var ein tyrann som tukta sonen med ridepisk.
Kva skjedde med postboda til Amundsen?
Knapt nokon nordmenn har skapt fleire usvarte spørsmål enn Peter Tessem og Paul Knutsen – dei to polfararane som forsvann på veg heim frå Roald Amundsens «Maud»- ekspedisjon i 1919.
Polar prestisje og vitenskapelig ære – Fridtjof Nansens kamp for havforsking ved universitetet
Fridtjof Nansens ekspedisjon med polarskipet «Fram» (1893–96) var viktig for utviklingen av norsk havforskning. Nansen hadde store ambisjoner og mente norske forskere kunne lede an i utviklingen av fagfeltet internasjonalt. En viktig brikke for å nå dette målet var Roald Amundsen og hans planlagte nordpolekspedisjon, som skulle starte i 1910. Men Nansen skulle møte skuffelser […]
Chefen og onkel Paul
Roald Amundsens kyniske spill med menneskeliv på Maud-ekspedisjonen
Nr. 06 Maudekspedisjonen 1918–1925
To mann forsvant i villmarken. Maskinisten døde, flyene havarerte og skipperen fikk sparken. Men de fikk sine vitenskapelige observasjoner. Nr. 6 i «Norges 10 viktigste polarekspedisjoner» I Nansen-Amundsen-året 2011 kåret Nordlys og Norsk Polarinstitutt de 10 viktigste norske polarekspedisjonene. Juryen besto av professor Robert Marc Friedman, polarekspert Olav Orheim, ekspedisjonsdeltaker Liv Arnesen, polarhistoriker Harald Dag […]
Nr. 02 Roald Amundsen til Sydpolen 1910–1912
En ekspedisjon av ypperste merke, bortsett fra de kranglene som sjefen setter i gang. Kristiansand 10. august 1910. Roald Amundsen har fått låne polarfartøyet «Fram» av den norske stat. Han har trommet sammen mannskaper som lever i den tro at sjefen planlegger et nytt polarframstøt nordover. Helmer Hanssen, vesteråling bosatt i Tromsø, stusser over noe […]
Hvem var først på Nordpolen
Hvis ikke Robert E. Peary var først på Nordpolen, hvem var det da? Men aller først: hva er egentlig «Nordpolen»? Fram til 1600-tallet var det vanlig å mene at Nordpolen var et stort fjellmassiv omgitt av en sjø, som igjen var omkranset av fire store øyer. Slik fremstår Nordpolen på de verdenskartene som Gerard Mercator […]
Urfolksklede i polarstrøk
Norske polarheltar var ikkje større heltar enn at dei hadde mykje å lære av dei som verkelig kjente polarområda. Nansen skaffa seg samiske peskar, kommagar og sennegras til den første ferda med «Fram» og han brukte også inuitiske skinnklede. Under turen gjennom Nordvestpassasjen (1903–1906) kjøpte Amundsen skinnklede frå netsilikfolket og engasjerte også ei av kvinnene, […]
Himmelseileren Roald Amundsen
Luftseilasene inngikk i den store finalen i utforskningen av kloden. Amundsens drøm var å oppdage et nytt kontinent i det enorme, ukjente havet mellom Nordpolen og Alaska. Roald Amundsen fant tidlig ut at lufta kanskje var et vel så egnet element som is, snø og hav for den som ville utforske polarområdene. Men for å […]