Fritz Øien

Telegrafist, radiovaktsjef, villbasse og arktisk entusiast

1899–1963

Fullt navn: Fritz Cornelius Øien

Fritz Øien vaks opp i eit ishavsmiljø i Tromsø med faren Jens Julius i sentrum. Fritz var femten år då han første gongen fekk bli med på fangstferd til Spitsbergen. Etter handelsgymnas utdanna unge Fritz seg til telegrafist, han jobba som ung mann både som disponent, lærar, kvalfangar i Sørishavet og gruvearbeidar på Svalbard. 
 
1925–26 reiste Øien til Jan Mayen som assistent med Hallvard Devold og Kvive Andersen. Vinteren 1926 bestemte endeleg Det Norske Meteorologiske Institut seg for å annektera heile øya, etter instruks frå Utanriksdepartementet. Dei tre nordmennene utførte den krevjande jobben med å setta opp skilt rundt på den verharde øya. Karane tente meir på revefangst enn på løna frå Geofysisk Institutt.
 
Så Devold og Øien bestemte seg for å dra vest til Aust-Grønland på overvintringsfangst. Den toårige Foldvik-ekspedisjonen bestod av seks mann med Myggbukta som base. Fangsten ga ikkje det store overskotet, men dei sette opp 18 hus/hytter på to år. 

Frå 1929 til 1930 overvintra Øien igjen på Jan Mayen, denne gongen som stasjonsstyrar. Øya var no nett blitt formelt lagt inn under norsk statsvelde, og Øien vart tildelt politimydigheit. Denne brukte han til å legga ned eit forbod mot revefangst, dette fekk eit etterspel som advokatmat. 

I 1930 sa Øien ja til å dra opp til Bjørnøya på overvintring som vikar for stasjonssjefen, som var blitt alvorleg sjuk. Før han drog opp, heiv Øien seg rundt, fridde til unge Margareth, fekk overtalt henne til å bli med til Bjørnøya, og klarte å få dispensasjon frå eit gammalt kvinneforbod på øya. Opphaldet er levande beskrive av Øien sjølv i Polarboken 1958. 

Mange og kjære minner har jeg fra disse gode ekspedisjonskamerater, og vil ikke unnvære et eneste av mine «15 hvite år» mot allverdens gull og grønne skoger.

Fritz Øien i Polarboken 1958, side 120

I 1932/33 var Fritz Øien med på overvintring på Bjørnøya, i samband med det internasjonale polaråret. I 1934–35 var han igjen med på overvintringsteam på Jan Mayen, dei var tre på stasjonen. I 1936/37 overvintra Fritz igjen på Bjørnøya, saman med broren Ewald og Hagbart Toften.

Etter den tyske invasjonen i 1940 vart det som vanleg sendt mannskap for overvintring på Jan Mayen – fire mann, med Fritz Øien som styrar. Tidleg i september vart dei henta og beordra til Island. Stasjonen blei delvis brent for at ikkje tyskarane skulle få nytte av den. Fritz og kollegene etablerte meteorologiske stasjonar på Island for dei allierte, men alt vinteren 1941 vart han sendt tilbake til Jan Mayen.
 
«Øya X» var alliert kodenamn for Jan Mayen under krigen. Vervarsel herifrå var viktig, og ein liten norsk garnison vart utplassert 1941–45 for å forsvara øya mot tyskarane. Fritz Øien var leiar for sjølve den meteorologiske stasjonen denne perioden. Stasjonen levde sitt liv litt på sida av dei militære, men Fritz fekk utnemning til løytnant. Han vart dekortert med fire medaljar etter krigsinnsatsen.

Faksimile fra avis, mann sitter med pipe i munnen og telegrafistutstyr
Fritz Øien igang med sendig fra Bjørnøya. Foto: Bladet Nordlys, 24.12.1957

Etter frigjeringa kom Øien heim til Tromsø og jobba på Vervarslinga for Nord-Norge. I tillegg var han formann i Arktisk forening i Tromsø frå 1957 til han døydde 4. mai 1963. I desember 1962 var Øien gjest på Sørpolen, invitert av Finn Rønne.