Finn Lützow-Holm

Kommandør og polar flypioner

1890–1950

Finn Lützow-Holm blei fødd i Nesseby i 1890, vaks opp i Risør. Han vart sjøoffiser i 1912, tok militært flysertifikat i 1916. Blei sjef for Kristiansand flystasjon i 1918. I 1938 vart han sjef for Marinens flyvåpen. Han fungerte også ein periode som direktør for «Marinens flyvebaatfabrikk» i Horten. 

I 1922 utførte han den første ambulanseflyginga her til lands, med lege frå Hammerfest til Alta. 

Då Roald Amundsen sat fast i polarisen sommaren 1925, ble Lützow-Holm sendt til Svalbard med ein unnsetningsekspedisjon. 
 
I 1928 deltok han i redningsekspedisjonen etter Nobiles italienske luftskip, og i leitinga etter Roald Amundsen og mannskapet i Latham. 
 
I 1929–30 deltok han på Lars Christensens Norvegia-ekspedisjon til Sørishavet. Både Bouvetøya og deler av fastlandet vart kartlagde med flyfoto. 

Mann på ski ser på det norsk flagg som vaier i snøen med et skilt under. Han holder lua i handa
Finn Lützow-Holm. Foto: Norsk Polarinstitutt

Deltok også på Norvegia-ekspedisjonen året etter. Men blei brått sjuk på veg sørover og måtte opererast i Cape Town. Lützow-Holm tenestegjorde som flygar og testpilot i Storbritannia under andre verdskrigen. Hans tjue år gamle son vart avretta av tyskarane i 1942.

Lützow-Holm var også med i planlegginga av den norsk-britisk-svenske antarktisekspedisjonen (1948–52). 

Lützow-Holm var kjent som ein dristig flygar. Han var utsett for fleire ulukker, men kom alltid frå det med livet. I eit havari på 30-talet mista han foten. Gjennom mange år samarbeidde han tett med Hjalmar Riiser-Larsen.

Hva setter de mest pris på hos medmennesker? – Redelighet.

Sekstiårsintervju i Aftenposten 26. mai 1950. Få dagar før Lützow-Holm døydde