Einar Sverdrup

Gruvesjefen som omkom under Operasjon Fritham

1895–1942

Mann med mørk nikkers, jakke og hatt poserer med en vandrestokk
Einar Sverdrup. Foto: Svalbard Museum

Einar Sverdrup blei fødd i Solund kommune, ytst i Sognefjorden, i desember 1895. Han starta utdanninga si med eit år på krigsskulen før han begynte på bergavdelinga ved Norges Tekniske Høgskule, og var ferdig utdanna bergingeniør i 1920. Etter det drog han til USA og skaffa seg erfaring med gruvedrift der før han kom heim igjen til Norge og fekk jobb i Store Norske Spitsbergen Kullkompani AS. Frå 1931 var han teknisk direktør i selskapet. I løpet av 1930-talet blei to nye gruver etablert inne i Longyeardalen, Gruve 1b og Gruve 2b. Gruve 1b, sett i produksjon i 1939, blei bygd opp i ein heilt ny bydel som fekk namnet Sverdrupbyen.  

Kolproduksjonen på Svalbard var på om lag 300 000 tonn då Norge blei dregen inn i krigen etter Tysklands okkupasjon i 1940. Einar Sverdrup var særs oppteken av at gruvedrifta på Svalbard måtte få fortsette, spesielt fordi befolkninga i heile den nordlege halvdelen av Norge var så avhengig av kol til oppvarming av bustadane sine. Sjølv om selskapet Store Norske sitt hovudkontor i Oslo blei tatt over av den tyske krigsmakta, så fekk gruvedrifta på Svalbard gå nærmast som normalt det første krigsåret, med norske gruvearbeidarar og norsk koltransport til fastlandet.  

Andre verdskrig og evakueringa av Svalbard 

På seinsommaren 1941 blei det frå alliert hald i London bestemt at befolkninga på Svalbard likevel skulle evakuerast frå øygruppa, og alle gruveanlegga skulle øydeleggast slik at kola ikkje kom tyskarane til gode. Sverdrup var ein av dei som kjempa hardast for at kollagera ikkje skulle brennast, og for at anlegga berre skulle settast midlertidig ut av funksjon, men kunne settast raskt i stand igjen når krigen var over. Einar Sverdrup sine ønsker blei berre delvis kommen i møte  – kollagera blei sett i flammar, og ein heil del av infrastrukturen til anlegga sprengd i lufta.  

London 1941–1942 

Sverdrup blei evakuert saman med heile den norske befolkninga på Svalbard til Storbritannia 3. september 1941. Det neste halvåret oppheldt han seg i London, kor han arbeidde i nær tilknyting til styret i Store Norske. 

Då våren 1942 nærma seg, ville Einar Sverdrup tilbake til Svalbard. Han frykta at om ingen heldt tilsyn med gruvene i Longyearbyen og sørga for å halde vårens smeltevatn unna gruvegangane, så ville gruvene vere tapt for alltid. 

Dei britiske militærstyresmaktene i London innvilga Sverdrup sitt ønske, men samtidig ville dei etablere ein alliert styrke på Svalbard som kunne sette opp og drifte vêr- og radiostasjonar på øygruppa. Styrken skulle også sørge for at ikkje den tyske krigsmakta fekk etablert ein fast base på Svalbard. Barentshavet var blitt eit viktig havområde for både tysk og alliert skipsfart, og begge partane ønska å ha kontroll over fienden sin aktivitet gjennom overvaking av skips- og flytrafikken. 

Operasjon Fritham 

Einar Sverdrup blei utnemnd til oberstløytnant og leiar for ein ekspedisjon til Svalbard, den fekk namnet «Operasjon Fritham». Troppen inkluderte om lag 60 mann, dei fleste var evakuerte gruvearbeidarar som hadde fått noko militær opplæring i Skottland, samt nokre få britiske offiserar. I tillegg kom eit båtmannskap på vel 20 personar. Dei drog i veg frå Skottland med dei to fartøya «Isbjørn» og «Selis» 30.april 1942. «Isbjørn» var ein liten isbrytar som til vanleg pleidde å halde Isfjorden open for skipstrafikk i vår- og haustsesongen. «Selis» var ei selfangstskute som no var rekvirert til transportfartøy. Einar Sverdrup og nokre få andre blei plukka opp då båtane var innom Island, Sverdrup hadde vore med på ein rekognoseringstur med fly over Svalbard nokre dagar tidlegare, men på grunn av dårleg vær oppdaga dei dessverre ikkje at det var tyske soldatar som hadde tilhald i Longyearbyen. 

«Isbjørn» og «Selis» kom til Spitsbergen 13.mai 1942. Isen låg framleis tett på Isfjorden, og isbrytaren måtte bryte råk, dermed tok det tid å komme inn til Barentsburg kor dei planla å etablere seg. Om morgonen 14. mai blei ekspedisjonsskipa oppdaga av eit tysk rekognoseringsfly, og same kveld kom bombeflya og angreip båtane. Mannskapet hadde kort tid på seg til å komme seg ut på isen før «Selis» blei skutt i brann. «Isbjørn» blei treft med ei bombe som delte båten i to, og den sokk med ein gong. Til saman omkom 14 personar under «Operasjon Fritham», og Einar Sverdrup var ein av dei.   

Utmerkelse post mortem 

Einar Sverdrup blei post mortem tildelt Krigskorset med sverd, Norges høgst rangerte heidersmerke, for si leiing av «Operasjon Fritham». Aksjonen medførde at norske styrker hadde kontroll over Svalbard resten av andre verdskrigen, den tyske krigsmakta fekk aldri etablert noko anna enn nokre få vêrstasjonar der. 

I Longyearbyen har Einar Sverdrup fått sin eigen bautastein, den står ved  «Huset» inne i Longyeardalen.

Forfatter: Oddveig Øien Ørvoll