Ishavsskipper fra Balsfjord, den første som sigla rundt heile Novaja Semlja
1844–1901
Edvard Holm Johannesen blei fødd 16. juli 1844 i Balsfjord, son av skipper Johan Adrian Johannessen og storebror til Hans Christian. Begge brørne sigla på Karahavet. Alt som gut var Edvard med faren på ishavsfangst.
I åra 1869–78 førte Edvard farens skonnert «Nordland» på fangst. På første ferda i 1869 kom dei heilt nord til Kapp Nassau på Novaja Semlja, og innom Karahavet og Kvitøya. Fangsten var bl.a. 184 kvalross. Johannesen sende rapport med ulike observasjonar til det svenske vitskapsakademiet.
Alt året etter utførte han storverket å sigla rundt Novaja Semlja. A.E. Nordenskiöld omtala dette som eit skifte i nordaustfartens historie, for han gjorde det ingen trodde var mogeleg, og endra folks syn på Karahavet. Edvard loggførte bl.a. havstraum, salinitet og marinbiologiske observasjonar. Han vart løna med det svenske akademiets Linné-medalje i gull.
I 1874 var han den første som drog på selfangst (klappmyss) i Danmarksstretet, mellom Grønland og Island.
I 1878 oppdaga han «Ensomhedsøen», som ligg mellom Novaja Semlja og Severnaja Semlja. Han reiste også til Russland og prøvde ein periode å få etablert skipsrute gjennom Karahavet til Jenisej.
Frå 1885 førte Edvard ulike fartøy på ishavsfangst, etter blant anna kvitkval. I 1891 var han med Colibri i farvatna aust for Grønland. Han skriv i loggen grundig om den sørgåande havstraumen ved den grønlandske austkysten. Men dette vart ikkje publisert før Fridtjof Nansen nokre år seinare gjorde tilsvarande oppdaging.
I 1895 førte han broren Søren Johannessens fartøy «Anna» og fekk full fangst av kvitkval ved Spitsbergen. I 1898 var han islos for fyrst Albert av Monaco.
Edvard Holm Johannesen omkom på ein tur i open båt med vedlast frå heimplassen til Tromsø i desember 1901.
Hertas blikk på Svalbard
Sommeren 1952 gikk ei ung kvinne i land fra en kullbåt i Ny-Ålesund. Musikkstudenten Herta Niedermayer på 22 fra Wien møtte Svalbard for første gang. Det ble en hodestups forelskelse – et kjærlighetsforhold som kom til å bli dokumentert i over 50 år gjennom tusenvis av fotografier. Svalbards eksotiske natur og samfunn har alltid appellert […]