Isak Isaksen

Ishavsskipper og islos

1877–1966

Fullt navn: Isak Edvin Isaksen

Isak Isaksen blei fødd 1. august 1877 i Nordkjosbotn. Han hadde sin første ishavstur med «Berntine» i 1897. Neste sesong avanserte han til harpunér, som han var i seks år. Til saman vart det 49 sesongar på ishavet, dei fleste som skipper. Isaksen var til saman skipper på ni ulike selfangarar og harpunér på fem skuter.

Isaksen var islos for marinefartøyet «Farm» til Spitsbergen i 1920, og Adolf Hoels ekspedisjoner i 1915 og 1922. Han var også eit par sesongar med på å leita etter kol på Spitsbergen. Frå 1929 til 1936 førte han «Nordkapp II» på turistekspedisjonar til Svalbard, Island, Grønland og USA. Her samarbeida han med den amerikanske kunstnaren Dudley V. Talcott, som vart Isaksens svigerson.

Etter ein tur på Austisen i 1938 slo Isaksen seg ned som gardbrukar heime i Balsfjord. Han var gift med Jensine (fødd Wilhelmsen), dei fekk 11 born.

Finally, at the end of forty-eight hours, Isak would appear. Jorun would thoughtfully fetch a damp cloth and reach upward and wipe the tobacco juice off his chin. And the corner of his mouth. Fru Isaksen would then steer him into his room as if she were cautiously pushing against a truck which might at any moment go into reverse. Somehow or other she would get him to bed. 

Svigerson Dudley i boka si (kapittelet Coffee and wienerbröd)