Kva skjedde med postboda til Amundsen?

Knapt nokon nordmenn har skapt fleire usvarte spørsmål enn Peter Tessem og Paul Knutsen – dei to polfararane som forsvann på veg heim frå Roald Amundsens «Maud»- ekspedisjon i 1919.

1918 starta Roald Amundsen mot Nordpolen. Det vil seie at han først ville segle austover Nordaustpassasjen til Beringstredet, før skuta skulle fryse inn i isen og drive med straumen over Polhavet. Det var i alle fall planen.

Men «Maud»-ekspedisjonen skulle ikkje gå etter planen, langt derifrå. Og ein av dei mange utanomplanlagde tinga som hende, var at Amundsen allereie under fyrste overvintringa, lengst nord på den russiske ishavskysten, fann ut at han skulle sende heim postpakkar.

Det var i alle fall den offisielle årsaka til at Tessem og Knutsen hausten 1919 forlét kameratane sine på «Maud» og starta på dei 100 mila mot næraste bebudde strok, Dikson ved munninga av Jenisej. Men denne grunngjevinga var berre noko Amundsen «åpfantt», som han skreiv med sin særeigne ortografi, «utelukkende såm påskud» for at Tessem skulle forlate ekspedisjonen.

100 mil i mørke

Det er ikkje lett å bli klok på kva Amundsen eigentleg har tenkt. Sannsynlegvis har Tessem sjølv ynskt å reise heim, mellom anna sidan den røynde ishavsfararen frå Tromsø var så plaga med hovudverk. Det var ikkje aktuelt å reise åleine på ei slik ferd, og lenge såg det ut som urokråka Emanuel Tønnesen frå Lista var dømt til å følgje Tessem – etter at han hadde hatt ein stygg krangel med sjefen. Men Amundsen tok han i nåde att. Paul Knutsen frå Sømna var det næraste ein kunne kome lokalkjent. Han hadde vore i området dei skulle reise gjennom, då han frå 1914–15 under Otto Sverdrups leiing var mannskap på «Eclipse» som søkte etter tre sakna russiske ekspedisjonar. Mellom anna hadde dei lagt ut depot som dei no kunne nytte seg av.

Men det må ha vore mykje forvirring og uvisse. Under ei veke før «Maud» seglar austover, skriv Harald Ulrik Sverdrup i dagboka si: «Programmet faar nu stadig forandringer.» No skulle likevel ikkje Tessem og Knutsen reise, med Amundsen sjølv, saman med Helmer Hanssen og Gennadij Olonkin. Den sindige vitskapsmannen Sverdrup verka noko oppgitt over leiaren sin: «Er spændt paa hvordan de planer utformes».

Same kva, etter mykje att og fram stod altså Tessem og Knutsen igjen då «Maud» endeleg kom fri frå isen i september 1919. Men før dei to kunne reise over den sibirske tundraen med hundespann, måtte dei vente på skiføre og den arktiske vinteren i ei sjølvlaga steinbu.

15. oktober, om lag ti dagar før mørketida fall på, pakka dei opp og drog mot sørvest. På sleden hadde dei proviant for femten dagar. Dette veit me frå ein lapp dei la att. Ein månad seinare skreiv dei ei ny melding. Då hadde dei kome halve vegen til Dikson. Dei hadde funne eitt av depota frå 1915, dei var i god form, skreiv dei, og fylte opp sleden for 20 nye dagar. Dette er det siste skriftlege sporet me har etter Tessem og Knutsen.

Leiteaksjon

Etter berre ti dagar vart «Maud» på ny fanga av isen. Denne gongen sende Amundsen postbodet austover. Og etter ei 350 mils sledeferd, som tok om lag eit halvt år, kom Helmer Hanssen tilbake med meldinga om at Tessem og Knutsen ikkje hadde gitt lyd frå seg.

Elleve mann og 500 reinsdyr saumfor kysten og tundraen i nærare eit halvt år.

Då det i den busette delen av verda vart klart at to polfararar var sakna, gav den norske regjeringa ordre om ein leiteaksjon, og i slutten av august 1920 la Lars Jakobsen frå kai i Tromsø med ishavsskuta «Heimen». Men noko skikkeleg fart på leitinga vart det ikkje før våren 1921, då saman med den røynde russiske ishavsfararen Nikifor Begitsjev.

Elleve mann og 500 reinsdyr saumfor kysten og tundraen i nærare eit halvt år. Dei fann brevet der Tessem og Knutsen hadde skrive at dei var halvvegs. Ein stad fann dei ein heimesnikra slede med nokre ski under. Og ein tredje plass såg dei restane etter eit stort leirbål der det låg jakkeknappar og nokre beinrestar – truleg frå menneske, meinte Jakobsen og Begitsjev. Dei konkluderte difor at den eine av dei to sakna hadde omkome, og at den andre hadde kremert han slik at han ikkje skulle bli eten opp av rovdyr.

Jakobsen fotograferte og dokumenterte, og etter eit år og sju månader reiste han landevegen heimover gjennom det borgarkrigsråka Russland, men han slapp ikkje over grensa utan å gje frå seg dokumenta sine.

Likfunn

Sumaren 1922 var Begitsjev på ny ute i den sibirske øydemarka, no saman med vitskapsmannen Nikolay Urvantsev. Då fann dei sikrare spor etter nordmennene. Ni mil frå Dikson låg postpakkane som Tessem og Knutsen skulle frakte heim, her låg også eit kompass og ein teodolitt, og ei rekke andre gjenstandar som var spreidde utover ei strand. Truleg etter at ein isbjørn hadde rota i sakene. Tre dagar seinare, og tre mil nærare målet, gjorde dei eit nytt interessant funn: to par norske ski, merkte «Hagen & Co Christiania».

Endeleg, berre tre kilometer frå telegrafstasjonen i Dikson, fann dei eit lik. Det såg ille ut. Det var knapt hud att på kroppen, og det mangla føter og hender. Truleg etter at polarreven hadde forsynt seg. Men liket hadde framleis beltet rundt livet, og i dette var det festa ein giftering med teksten: Din Pauline. Det var liten tvil, meinte dei. Tessem var funnen. Og i 1924 vart det sett opp eit trekors med ei minneplate for å heidre nordmannen.

Eit arktisk mysterium

Det ein kunne slå fast, var at Tessem og Knutsen hadde nådd halve vegen. Då stod alt bra til. Ein kunne òg med stor sikkerheit vite at minst ein av dei to hadde kome til staden der dei av ein eller annan grunn hadde lagt igjen postpakkar og anna utstyr. Men herifrå og ut var det flest spørsmål. Var det sikkert at beinrestane i bålet tilhøyrde eit menneske? Kan den heimelaga sleden stamme frå nordmennene? Kvifor stod det to par ski om lag seks mil frå målet, var det eit teikn på at begge hadde kome seg dit? For kvifor skulle det elles vera to par ski?

Men kvifor, i så fall, skulle dei halde fram utan ski midtvinters? Og korleis mista Tessem livet, berre tre kilometer frå målet – så nære at han kunne sjå lysa på telegrafstasjonen – etter han hadde kryssa hundre mil av den arktiske tundraen i stummande mørke? Og kor og korleis hadde Knutsen mista livet? Kunne dei ha skadd kvarandre?

Amundsen frykta ein slik tragedie hadde funne stad: «Tessem var enkelte gange i meget sort homør. Da tålte han absolut intet. Knudsen var yterst langmodig, men når han ble sint, ble han rasende.»

Men var det forresten heilt sikkert at det var Tessem som var funnen? Kvifor skulle han ha giftering i beltet, og ikkje på fingeren? I Norsk biografisk leksikon frå 1960-talet vart det sett som meir rimeleg at liket var Knutsen, og at han ville frakte heim gifteringen frå den døde kameraten sin.

Spørsmåla har vore stilte i dei snart hundre åra som er gått sidan desse to karane forsvann. Og det er ikkje manglande forsøk som gjer at vi i dag ikkje kjenner svara.

Sovjetisk gransking

I 1958 sette sovjetiske styresmakter opp eit minnesmerke over Tessem. I samband med det vart leivningane gravne opp og flytta til ein høveleg plass like i nærleiken av funnstaden. På 1970-talet byrja avisa Pravda å interessere seg for kva som eigentleg hadde skjedd med nordmennene. Ein ekspedisjon vart sendt dit kor ein meinte eit lik var brent. Beinrestane var sannsynlegvis frå eit dyr. Nikolaj Urvantsev skreiv ein ny rapport som var ganske ulik den han hadde ført i pennen femti år tidlegare. I 1982 kom boka Tre arktiske mysterier som stilte mange nye spørsmål om forsvinninga. Det er vorte spurt om kor dagbøkene til Tessem har teke vegen. Dei skulle visstnok ha kome til Noreg på 1930-talet. Og i 1983 vart til og med liket ved Dikson grave opp for å bli undersøkt av rettsmedisinarar i Moskva.

Dei sakkunnige kunne mellom anna slå fast at det var ein europeisk mann, tynn og ganske stutt, han hadde blodtype A, var høgrehendt og mørkeraud i håret. Men granskarane sa ingenting om at han mangla hender eller føter. Heller ikkje om bitemerke frå rovdyr. Dei kunne derimot slå fast at han mangla seks tenner, som truleg var fjerna seks til åtte månader før han døydde, sju av tennene var dessutan plomberte med sølvamalgam. Då liket vart funne i 1922, hadde dei berre registrert at det hadde ein sementfylt jeksel.

Kor var Knutsen?

Samstundes med dei fysiske undersøkingane kom fleire gamle historier opp til overflata. Mellom anna skulle gamlesjefen på vêrstasjonen i Dikson ha funne restane frå eit menneske saman med utanlandske gjenstandar på 1920-talet, vart det sagt, men han var no død og taus. Andre snakka om ein sjømann som var gravlagd på Diksonøya. Og i den russiske omsetjinga av Roald Amundsens bok Mitt liv som polarforsker står det at liket til den andre sakna vart funne på tundraen i 1928. Korleis visste omsetjaren det? Han hadde nære band til det sovjetiske polarinstituttet. Hadde han fått vite noko som det offentlege ikkje visste?

Den russiske forskaren Julia Tsjukova interesserte seg òg for saka. I 1970 hadde ho vore på Diksonøya og funne ei grav. Liket låg med armane ned langs kroppen og ikkje i kryss som er russisk skikk. Ingen av dei lokale folka ho spurde hadde noka aning om kor kista og liket stamma frå. Men i 1988 fekk Tsjukova høyre, frå ein polarforskar som hadde overvintra på Dikson på 1930-talet, at grava stamma frå ein som hadde forulukka på veg heim frå ein arktisk ekspedisjon. Han skulle ha vorte funnen på tundraen på 1920-talet og frakta tilbake til Dikson for å gravleggjast. Var dette Knutsen?

Det fekk korkje Tsjukova eller me andre svar på. For då moskvafilialen til SSSRs Geografiske selskap organiserte ein ekspedisjon for å undersøkje grava i august 1989, kunne dei ikkje anna enn å slå fast at gravstaden no hadde forsvunne i samband med byggjeverksemd.