Christian Leden

Christian Leden var ein pioner innanfor musikketnologi. Han gjorde tidlege opptak av norsk folkemusikk, men er kanskje meir kjent for sine opptak av grønlandsk tradisjonell song og musikk frå 1910 og 1926. Mykje av materialet er tatt vare på i Nasjonalbiblioteket.

1882–1957

Christian Refsaas var fødd på Inderøy i Trøndelag. Han utdanna seg innanfor musikk i Oslo 1901–04 og kom så til Tromsø som organist. Men alt i 1905 søkte han permisjon og drog til studium ved Kgl. Hochschule für Musik i Berlin. Her blei han fascinert av unge Erich von Hornbostels førelesningar i etnomusikologi.

Med hjelp av Hornbostel fekk Christian gode danske kontaktar. Han kom seg med på Knud Rasmussens Thule-ferd i 1909. Omtrent på denne tida tek han etternamnet Leden, som han synest er enklare å bruka i utlandet. Men samarbeidet med Knud Rasmussen blir problematisk; Knud vil ikkje dela sangtekstane frå Ledens opptak av inuittar på fonografrullar. I Nordvest-Grønland samla Leden inn gjenstandar, blant anna ein kajakk, til Museum für Völkerkunde i Berlin. 

Gruppebilde
Kalaallit Nunaat, Grønland ca. 1910. Gruppebilde ved Ledens telt. Foto: Nasjonalbiblioteket



Leden gjorde fleire reiser til Grønland, han var god til å finna sponsorar, ikkje minst museet i Berlin og den norske kongen(!) Alt i 1910 var Leden i Ammassalik på den grønlandske austkysten. Her fekk Leden med seg heim opptak av sang og musikk på tjue fonogram.

I 1911 sender Museum för Völkerkunde Leden til Canada. Målet var dei såkalla kopar-inuittane som levde nokså isolert heilt nord i Canada. Men logistikken er komplisert, og Leden ender opp med å samla både gjenstandar og musikkopptak frå meir sørlege folk, som sioux, svartfot og cree. Året etter driv han igjen innsamling, denne gong på grønlandske vestkysten. Her blir det opptak av 39 songar. Somme av dei er døme på ein særeigen tradisjon med trommesong som no er utdøydd. 

I 1913 reiser Leden til Canada igjen, han blir i fire år på vestkysten av Hudson Bay, heilt opp til Southampton Island, med støtte frå museet i Berlin. Han lærte seg inuktitut og gjorde både opptak og etnologiske skildringar. Han var oppteken av likskapar mellom ulike folk, spesielt innanfor tradisjonsmusikken. Dessverre kopla han etter kvart denne interessen saman med tvilsam raseteori. Då han endeleg vender heim til gamlelandet hausten 1917, blei folk overraska over at han framleis levde.

Siden Nansen fortalte om sine reiser i natt og is, har ikke et Berliner-publikum hørt noget så vakkert og interessant fra talerstolen.

Berliner Börsen-Courier melder foredrag av Christian Leden

I 1926 lånte Leden ein Edison-fonograf av Dansk Folkemindesamling. Han drog igjen til Aust-Grønland og gjorde mange opptak. Kvaliteten blei betre enn i 1910. I 1952 og -54 fekk Leden endeleg publisert mykje av sitt grønlandske musikkmateriale i Meddelelser om Grønland. Han beskriv her musikken frå både Vest- og Aust-Grønland i tekst og notar. Han gjorde i 1926 også mange opptak med filmkamera, men desse gjekk tapt under andre verdskrigen. Under bombardement av Steinkjer i 1940 gjekk også Ledens store manuskript tapt, mykje arbeid måtte gjerast på nytt. 

I 1936 vende Leden blikket mot heimlandet. Han reiste gjennom store delar av Sør-Noreg og gjorde om lag 900 opptak av norsk folkemusikk. Voksrullane blei liggande unytta i Norsk Musikksamling ved Universitetsbiblioteket i Oslo i fleire tiår. Leden hadde fleire gonger prøvd å få støtte til å samla inn musikkopptak og få dette profesjonelt behandla. Først etter tusenårsskiftet starta arbeidet ved Nasjonalbibliotekets avdeling i Mo i Rana med å få Ledens materiale konservert og digitalisert. Eit endå større materiale etter Leden finst i København, dessutan i museum i Tyskland og Canada.

I 1949 og 1954/5 var Leden på innsamlingsreise til Sør-Amerika. Gjennom karrieren sin heldt mange og populære foredrag i Noreg, Tyskland og andre land. Men både Peter Freuchen og andre var kritiske til til Ledens arbeidsmetodar blant urfolk. 

Leden var ein ihuga granskar av tradisjonell musikk, han søkte etter slektskap mellom ulike folkeslag via musikken. Han arbeidde fleire år i Tyskland, kona hans var tysk, og vart med i nazistisk inspirerte miljø som var opptekne av raseteori. I ettertid er han kritisert for dette, og det store arbeidet hans har nesten gått i gløymeboka.