Banner forside, Norsk Polarhistorie

Persongalleri

Størker Størkersen

1883 - 1940

Også kalt Storker Storkersen. Var med Vilhjalmur Stefansson på fleire ekspedisjonar som utforska ukjent land i amerikansk Arktis (1906-18) og blei ein av hans mest sentrale medarbeidarar.  

 

Av Ivar Stokkeland

 

Størkersen vart fødd utanfor Harstad 26.6.1883. Han reiste til sjøs som 16-åring og kom etter kvart til Canada. Der møtte han i 1906 danske Ejnar Mikkelsen og den amerikanske polarforskaren/geologen Ernest de Koven Leffingwell. Han blei med desse på «Anglo-American Polar Expedition» som skulle vara frå 1906 til -08. Heilt nord i Alaska møtte dei Amundsen som avslutta den første gjennomseglinga av Nordvestpassasjen. Og dei møtte Vilhjalmur Stefansson i 1907.


Så var Storkerson med på «Stefansson-Anderson Arctic Expedition» frå 1908 til 1912. Denne ga mykje ny kunnskap om inuittane, geografi, naturforhold og arktisk overleving.
I 1910 gifter SS seg med Elvina i eit lite kapell på Herschel Island. Unge Elvina var dotter av den legendariske «Klengenberg of the Arctic».


I 1913 var det duka for den store «Canadian Arctic Expedition» som skulle vara i fem år. Stefansson var sjef, og han hadde no fått støtte direkte frå den canadiske regjeringa. Igjen var Størkersen med på å oppdaga nytt land, dei kartla bl.a. ukjente delar av Banks Island. På slutten av ekspedisjonen vart Stefansson sjuk, og Storkerson overtok leiinga for utforsking av Beauforthavet.


I 1919 vart Stefansson inspirert av prosjekt med overføring av reinsdyrflokkar frå Finnmark til Alaska. Dette passa bra med ideane han utvikla i boka «The Friendly Arctic». Storkerson fekk i oppdrag å jobba vidare med prosjekt reinsdyr til Canada, støtta av Hudson’s Bay Company. Sommaren 1920 kartla Storkerson forholda på Baffin Island. I 1921 set han kursen attende til gamlelandet for å handla inn store mengder reinsdyr. Men han ender opp med å trekka seg frå heile oppdraget.


Han mister støtta frå Stefansson, og starter opp eiga verksemd, saman med broren, i Porsanger. Det går eit par år utan Størkersen kontakter kona og ungane i Canada. Han må gje opp dei store reinsdyrprosjekta, og tek i 1925/26 opp igjen rolla som arktisk ekspedisjonsleiar. Han held foredrag og presenterer luftige planar i avisintervju.


Dette fører lite med seg. Sakte, men sikkert rakner det for Størkersen. Han får store mentale problem og blir i 1927 lagt inn på Reitgjerdet asyl (diagnostisert som schizofren).


Stadnamn


Det finst fleire stadnamn som oppkaller SS, ikkje minst den store Storkerson Peninsula på Victoria Island.


Litteratur


Ashlee, Jette Elsebeth. An Arctic epic of family and fortune: the theories of Vilhjalmur Stefansson and their influence in practice on Storker Storkeson and his family. Philadelphia: Xlibris, 2008. 408 s.

 


Stefansson, Vilhjalmur. The friendly Arctic: the story of five years in polar regions. N.Y.: Macmillan, 1921. 815 s.