William Scoresby Jr.

Engelsk kvalfangar, vitskapsmann og pastor

1789–1857

William Scoresby Jr. var fødd på slutten av 1700-tallet i den vesle byen Whitby på nordaustkysten av England, ikkje så langt frå Middelsborough. Faren dreiv kvalfangst i arktiske strøk, og på den tida var Whitby ei viktig kvalfangsthamn. Kvalspekket blei kokt på land, og oljen blei mellom anna brukt til gatelys.  

Då William var ti år gammal fekk han bli med om bord i faren si seglskute for å ta avskjed med faren som skulle ut på fangst om våren og være borte heile sommaren. Men guten treivst ikkje på skolen, han syntest det var vanskeleg å lære, og læraren var ikkje snill. William ville ikkje bli i land, og faren let guten få bli med på fangst. Mora, som ikkje visste noko før skipet var langt til havs, var sikker på at ho aldri kom til å sjå sonen sin att. Men det gjekk bra, då William kom tilbake om hausten sa han at han ikkje hadde lært så mye, men han kunne forskjellen på styrbord og babord. 

Første fangstsesong  

Då han var 13 år, i 1803, var William Scoresby med på sin første ordentlege fangstsesong, og denne gongen var det i samråd med mora. Alle dei neste tjue sommarsesongane var han på kvalfangst. Da han var 17 år blei han forfremma til førstestyrmann, og då han fylte 21 år, i 1810, blei han kaptein på faren sitt skip, «Resolution». Og han var nok dyktig, det første året som kaptein kom han tilbake med størst fangst av alle Whitby-skutene, han hadde 30 kval om bord. 

Scoresby teikna og noterte i alle ledige stunder til havs. Mellom anna studerte han ulike variantar av snøkrystallar med lupe og teikna dei ned. 

Svalbard 

Kvalfangsten førde Scoresby til kysten av Svalbard ei rekke gonger, og då han var 16 år av, laga han ei skisse av fjellformasjonane på vestkysten, slik han såg dei frå skipsdekket. I 1809 var han på land på Prins Karls Forland, kor han fann forlatne buer etter russiske fangstmenn. 

Studier 

Når William ikkje var på hvalfangst, altså i vinterhalvåret, studerte han naturvitskap ved universitetet i Edinburgh. Han lærte seg å bruke kompass og teodolitt, han var veldig opptatt av jordmagnetisme, og han var den første til å bevise at havtemperaturen i Arktis var varmare nede i djupet enn i overflata. Han hevda også at alle som meinte at havet rundt nordpolen var isfritt, tok feil – men det fekk han lite gehør for på den tida. 

I 1815, på leiting etter kval, som det no var begynt å bli lite av i de nordvestlege havområda av Arktis, så drog Scoresby austover mot Svalbard, og her nytta han anledninga til å drive landmåling, noko som medførde at posisjonen til øygruppa blei mye meir nøyaktig enn den tidlegare hadde vore. 

Kartlegging Jan Mayen og Svalbard 

I 1817 og 1818 utforska han Jan Mayen, og konkluderte med at det var ei vulkanøy med jernholdig sand. Han kartla og forbetra posisjonen til øya, og han samla med seg både stein, planter, fugl og anna for å forske videre på det ved universitetet i Edinburgh. I 1818 var Scoresby også på Svalbard, kor han gjekk i land på Mitrahalvøya, nord for Krossfjorden, og klatra opp på den 606 meter høge toppen av fjellet som seinare har fått namnet Scoresbyfjellet. 

Grønland og Scoresbysund 

Kartleggingsekspedisjonen Scoresby er mest kjend for var den til austkysten av Grønland i 1822, då han kartla ei strekning på 650 km av kysten, frå Lille Pendulumøya i nord til Scoresbysundet i sør, og namnsette fleire områder der. 

Pastor og vitskap 

Året etter, i 1823, avslutta Scoresby tida si som kvalfangar, og som 33-åring utdanna han seg til pastor. Men han var enno opptatt av vitskap, og særleg det som gjaldt magnetisme, og utforming og forbetring av kompass. Året før han døyde i 1857, reiste han heilt til Australia, mellom anna for å undersøke korleis jordmagnetismen endra seg mellom verdsdelane, og på kva måte kompassnåla reagerte på jern i dampskipa, som på den tida nyleg hadde gjort sitt inntog i rutetrafikken mellom Europa og dei andre verdsdelane.

Forfatter: Oddveig Øien Ørvoll