Thor Larsen

Isbjørn-Larsen var den store pioneren i norsk isbjørnforsking og -forvaltning frå 1960-talet og framover. Han har gjort ein formidabel innsats som formidlar av kunnskap om «kongen av Arktis». Forkjempar for vern og fornuftig forvaltning av natur på Svalbard og globalt.

1939–

Fullt navn: Thor Severin Larsen

Thor Larsen vart fødd i Trondheim, familien flytta etter kvart til Halden, der faren vart overlege på sjukehuset. Han tok cand.real-utdanning ved Universitetet i Oslo, ferdig 1966. Så doktorgrad på isbjørn ved same universitetet i 1985.

Alt i 1961 hadde Thor sitt første opphald på Svalbard, som sommarassistent for Norsk Polarinstitutt. Han var «biten av basillen» og fekk ny tur til Svalbard alt neste sommar. Thor starta opp med isbjørnforsking på Svalbard i 1966, same året som han var ferdig med hovedfaget.  To år seinare vart den internasjonale Polar Bear Specialist Group starta opp, og Thor Larsen vart den norske representanten der heilt fram til 1985.

I 1968/69 gjorde Thor eit unikt stunt saman med kollega Nils Øritsland og to assistentar: Kjell Reidar Hovelsrud og Tor Alf Andersen. Dei overvintra på Edgeøya for å studera isbjørn. Forskinga i denne perioden var finansiert av Noregs allmennvitskaplege forskingsråd.

I 1972 vart Thor tilsett som ein av dei første biologane ved Norsk Polarinstitutt. Men etter kvart vart han skuffa over manglande satsing og finansiering og sa opp for godt i 1991, då frå stillinga som forskingssjef. Han vart så engasjert som natur- og miljørådgivar i NORAD. I 1995 gjekk Thor over i ei direktørstilling i Noragric på Ås. Han var også i ei årrekke knytta til GRID-Arendal som seniorrådgivar. Mange har gitt Larsen mykje ære for at isbjørnen blei freda før det var for seint. Sjølv vil han heller trekka fram alt det gode samarbeidet som etter kvart ga gode resultat.

Men da må forskerne snakke så folk forstår det. Det hjelper lite med en forskerstand som bare kan kommuniser på internt sprog i obskure videnskapelige tidsskrifter.

Intervju i Aftenposten 17.02.1990

Jeg måtte på 20 meters hold for å bedøve mora, men hun var skikkelig aggressiv og kom mot meg. Det ble en farlig situasjon. Jeg gikk i knestående for å sikte med bedøvelsesgeværet. Jeg hadde en Magnum 44 med seks skudd for beskyttelse. Jeg rygget bakover og skjøt fem skremmeskudd i sanda, men isbjørnen kom helt bort til meg. Jeg hadde ett skudd igjen. Jeg så for meg avisoverskriftene – isbjørnforsker skyter bjørn. I stedet for å skyte slo jeg den hardt over snuta med revolverløpet- og ropte høyt: Ett skritt til og du dør! Da snudde den seg og gikk. Dette er ingen historie å være stolt av – dette var helt selvforskyldt, poengterer han.

Larsen forteller til Villmarksliv, juni 2022.

Thor likte å skriva, i 1972 kom den første boka hans, Isbjørnliv. Bøkene hans var populære, dei blei omsette til mange språk. I ei av bøkene, Espen i isen, får vi den rikt illustrerte historia om då sonen var med til Svalbard for å merka isbjørn.

Forskinga viste Thor at isbjørnen måtte vernast frå jakt. På 70-talet vart det mange harde konfrontasjonar med nordnorske representantar for fangstkulturen. Men Thor Larsen stod rakrygga i striden og vann folks respekt.

Etter doktorgraden i 1985 ville Thor ha forandring. Han drog til Zambia for NORAD og jobba i fleire år med å utvikla betre forvaltning av nasjonalparkar. Her utvikla det seg eit samarbeid direkte både med president Kaunda, og dei lokale høvdingane, som protesterte mot at han skulle reisa heim til Noreg etter fem års godt arbeid.

Folk som har samarbeidd med han er samstemte: Thor er ein svært sympatisk og kunnskapsrik heidersmann.

Hør podkast med Thor Larsen: