Thor Iversen

Bottlenos-fangaren som blei autodidakt havforskar

1873–1953

Thor Iversen var fødd i Oslo i 1873. Han ville bli sjømann, og reiste til sjøs i ung alder. Han var også med på fangstbåtar i arktiske strøk. I 1900 fekk han mønstre på det nybygde forskingsskipet Michael Sars, under leiing av Johan Hjort, i det nyetablerte Fiskeridirektoratet i Bergen. Iversen mønstra på som fiskar, men etter eit par år hadde han avansert til skipper om bord. 

I 1912 blei Iversen tilsett som fiskerikonsulent i Fiskeridirektoratet, med ansvar for utvikling av nye fiskemetodar og for prøvefiske i Norskehavet og Barentshavet. Han dreiv eit omfattande arbeid med lodding av djupner, og det var i den samanhengen at han og mannskapet kom til Hopen.  Då dei lodda seg forbi på austsida av Hopen ein dag i juli 1924, var det fint ver og blikk stille sjø, så dei nytta høvet til å gå på land, og ble de Første som steig i land på Hopen med landmålingsutstyr. 

Øya Hopen blei kanskje oppdaga i 1596, på same ekspedisjonen kor Willem Barents fann Spitsbergen, men beskrivinga at det de kalla Visch-Eylant er ikkje nøyaktig nok til at man kan vere sikker på at det var Hopen dei såg. Det er Thomas Marmaduke frå det engelske Muscovy Company i Hull som reknast som Hopen sin oppdagar, då han kom til øya med skipet sitt «Hopewell» i 1613. 

Frå Hopen lei oppdaga og til den var nøyaktig stadfesta tok det fleire hundre år.  Og det er vel ikkje så rart, der øya ligg for seg sjølv langt ute i havet, søraust for Edgeøya. Drivis frå nord, mange skjer på austsida som bølgene bryt over, fjellsider som stuper beint ned i havet, og mye tåke gjer øya vanskeleg tilgjengeleg frå sjøen. På mange gamle sjøkart finn vi Hopen, men både posisjon og fasong kan variere mye.  

Dei norske Spitsbergenekspedisjonane sende i 1920 ei skute til Hopen med føremål å gå på land for å kartlegge øya, men mannskapet, leia av Adolf Hoel, måtte berre gje opp planen på grunn av tåke og dønningar. 

I løpet av to døgn, eit i juli og eit i august 1924, så fekk Iversen og mannskapet hans målt opp heile den sørlege delen av Hopen. Dei bygde vardar og målte høgder på tre av fjella i sør, og dei målte øya på tvers med ei fem meter lang bambusstong som dei flytta med seg. Etterpå brukte dei ein motorbåt som dei med hjelp av jamn fart og tida dei brukte frå nordspissen til sørspissen kunne rekne ut omtrentleg lengde på øya. Iversen tok også mange fotografiar av Hopen, han var for elles ein framifrå fotograf.  

I 1926 laga Norges Svalbard- og -ishavsundersøkelser eit nytt sjøkart over denne delen av Barentshavet, og då var Iversen sine målingar på Hopen tatt inn. For første gong er øya plassert nokon lunde riktig, og med den langstrakte forma vi kjenner i dag.   

I 1930 var Iversen igjen i Barentshavet på djupnelodding, og ein av dagane i løpet av sommaren kunne han og mannskapet komme seg på land for å kartlegge den nordlege delen av Hopen. Iversen laga då ei ny utgåve av kartet sitt frå 1924.  

Gruppebilde av menn i hatt og dress
Ishavsrådets andre møte, februar 1932. Frå v: Adolf Hoel, Peter S. Brandal, Thor Iversen, Dagfinn Werenskiold, Gustav Smedal, Anton Jakobsen, Alf Wollebek, Th. Hesselberg, O. Krogness. Foto: Norsk Polarinstitutt

Forfatter: Oddveig Øien Ørvoll