Theodor Claudius Jacobsen

Deltakar på Nansens Fram-ekspedisjon over Polhavet 1893–1866

1855–1933

Theodor Claudius Jacobsen blei fødd i Tromsø i 1855. Faren var skipskaptein og seinare hamnefogd. Då Jacobsen var 16 år gammal, gjekk han til sjøs, i 1873 tok han styrmannseksamen. I eit par år jobba han på fraktskuter rundt Australia. Heime igjen i Tromsø igjen tok han skippereksamen i 1884.

Etter kvart blei han skipper på Ishavet i sel- og bottlenosefangst. I 1891 og 1892 var Jacobsen islos for prinsen av Bourbon på jaktekpedisjonar til Svalbard og Novaja Semlja med «Fleur de lys». Så var han klar for større utfordringar.

Theodor skreiv til Fridtjof Nansen i oktober 1892 og søkte om jobben som styrmann på den komande Fram-ferda. Det gjekk i orden, og han reiste sørover i februar 1893. Kraftkaren Jacobsen var ein dyktig førstestyrmann. Innimellom song han melankolske viser for dei andre, han var også glad i veddemål.

Etter Fram-ferda gjer han jærbu av seg. Som ein god del andre polfararar/ishavsfolk tok han jobb som fyrvaktar i vaksen alder. Jacobsen tok hand om Obestad fyr frå 1897 til 1917. Så slo han seg ned i Stavanger, der han er gravlagt.

Jacobsen har Styrmandsexamen godt skikket Styrmand. Fører ypperlig kommando, respect, orden…
… Jacobsen skryter noget, men er i særlig grad uforfærdet, har flere kunskaper, mere dannet en Henriksen Lund. 

Telegram frå overrettssakførar D. Mack til Nansen