Sverre Hassel

Skipsførar, polfarar og tollar

1876–1928

Fullt navn: Sverre Helge Hassel

Fødd i Oslo, reiste tidleg til sjøs, han gjorde teneste om bord på skuleskipet Christiania og tok etter kvart skipper- og styrmannseksamen. Deltok på Otto Sverdrups andre Fram-ekspedisjon til Nordvest-Grønland og Nordaust-Canada 1898–1902. Han var også med Amundsen til Sørpolen (1910–12). Var ein av dei fem som planta det norske flagget på polpunktet.

Trakk seg så tilbake frå polarlivet og jobba i tollvesenet på Sørlandet. Men han heldt kontakten med Roald Amundsen. Faktisk døydde han av infarkt, berre 51 år, i Amundsens hage på Svartskog. Han blei beskriven som ein sterk og sympatisk mann.