Geolog, zoolog. «Svensk polarforskings fader».
1828–1900
Fullt navn: Otto Martin Torell
Otto Torell vaks opp i Varberg, sør for Göteborg. Han utdanna seg innanfor naturvitskapane ved Lunds universitet, der han blei professor. I perioden 1871–97 var han også sjef for SGU, Sveriges geologiska undersökning.
Dei første forskingsferdene hans, med glasiologisk fokus, gjekk til Sveits og Island. Torell var oppteken av å studera istida. Så vende han nasen mot Svalbard. Torell tok med seg den noko yngre Adolf Nordenskiöld på rekognosering langs heile vestkysten av Spitsbergen i 1858. Året etter var han på ekspedisjon til Vest-Grønland. Torell gifta seg med Anna Strömberg i 1860, dei fekk tre barn.
I 1861 var det duka for den første store svenske vitskaplege ekspedisjonen til Svalbard. Torell planla tverrfaglege studier både på land og til sjøs. Blant anna hadde han planar om å dra nordover på sledeferd frå Sjuøyane inn i det ukjende. Torell ville også førebu det trianguleringsarbeidet som seinare skulle bli realisert 1898–1902.Torell tok med seg to norske skuter («Aeolus» og «Magdalena») og åtte–ni vitskapsmenn.
Denne vellukka polarekspedisjonen vart også den siste Torell sjøl deltok på. Det blei venen Adolf Nordenskiöld som fekk halda fram med polarforsking etter dei prinsippa Torell hadde lagt til grunn.