Nicolai Hanson

Zoolog og polfarar

1870–1899

Nicolai Hanson vaks opp I Kristiansund, faren var skipsmeklar. Han utvikla seg tidleg til ein dyktig jeger og skiløpar. Han var tidleg interessert i natur og fauna og lærte seg å stoppa ut fuglar. Han drog også på fiske i Nord-Noreg (men var likevel totalavhaldsmann). Hausten 1895 reiste han til Kristiania for å utdanna seg til preparant. På Universitetet får han den kjende professor Robert Collett som lærar.

Og det er i eit telegram frå Collett i april 1898 at han får tilbodet om å dra på ekspedisjon til Antarktis. Nicolai er då nygift heime i Kristiansund. I juni -98 reiser han sørover, han skal vera zoolog på Carsten Borchgrevinks British Antarctic Expedition. Trass i at han berre har eit fem vekers universitetskurs.

Etter opphald på Kapp Verde i september på seilasen mot Antarktis blir Nicolai liggande sjuk. Men han friskner til før dei når Tasmania i november. I februar 1899 går ekspedisjonen på land på Kapp Adare. Hanson går i gang med observasjonar og innsamling av biologisk materiale. Men det viser seg utover vinteren at han er alvorleg sjuk. Han held fram med føring av zoologiske notat; dei andre bringer materiale til han. Det vitskaplege utbytet frå ekspedisjonen blir i ettertid redusert av at Borchgrevink ikkje tek skikkeleg vare på papira etter Hanson.

14. oktober 1899 blei Nicolai det første mennesket som døydde på Det antarktiske kontinentet. Den offisielle dødsårsaka blei oppgjeven å vera tarmslyng, men dette vart aldri stadfesta. Det har også blitt hevda at han døydde av beriberi (mangel på B-vitamin).

Hanson ønska å bli gravlagt på høgda over Kapp Adare. Kameratane klatra opp på fjellet og sprengde ut gravkammer. Dei heldt ein kort seremoni utanfor hytta, Per Savio og Ole Must syng samiske sørgesalmar, etter ei bøn på samisk. Så starta jobben med å frakta kista opp til gravplassen. Grava blei markert med eit enkelt jarnkors med gravert plakett, festa på ein stor stein.

Seinare, under Scotts fatale sørpolsekspedisjon, samla Frank Browning kvite småstein som han forma til Hanson, og eit kors. Kameratane frå ekspedisjonen reiste ein bauta over Nicolai Hanson i Kristiansund.

Det er ikke så vondt å dø i et fremmed land, det er akkurat som å si farvel til sine gode venner før man drar ut på en lang reise.

Nicolai Hansons siste ord