Michaloff Wigdehl

Ein av dei store nordlands- og svalbardmålarane. «Det gode humørs apostel».

1856–1921

Fullt navn: John Michaloff Wigdehl

Michaloffs opphav ligg i namnet hans. Farfaren var russisk sjømann: John Michaloff, som nokså tilfeldig slo seg ned i Bodø på 1820-talet. Sonen Andreas (målarens far) kjøpte gardsbruket Vigdel i Gildeskål, der John Michaloff vaks opp.

Den unge John arbeidde på garden, deltok i lofotfiske og tok underoffiserutdanning i Trondheim og Stockholm. Han var over over 30 før han tok den første teikneutdanninga. Han hadde si første måleriutstilling i Tromsø på 1890-talet. Han var over 40 då han drog til Kristiania og utdanna seg vidare i både teikning og måling. Her vart han kjent med Nikiolai Astrup, desse blei gode vener.

Nordlandsmålaren vart anerkjent, han fekk fleire legat og stipend som hjelpte han vidare. Han fekk skryt og sterke anbefalingsskriv frå både Erik Werenskiold og Christian Krohg. Krohg var lærar for Michaloff i 1909/10. Også Harriet Backer sette stor pris på sin vaksne elev. Utanom sine mange reiser og studier hadde han Gildeskål som sommarbase.

I 1910 blei han første gong hyra som ekspedisjonsmålar til Svalbard, av Gunnar Isachsen. Det blei suksess. Året etter stilte han ut maleri frå Svalbard i Kunstnerforbundet i Kristiania.

Wigdehl maler Alkhornet på Svalbard ombord på skulta «Laila». Foto: Staxrud, Norsk Polarinstitutt

Jeg kan baade sulte og fryse, hvis det trænges, for jeg er blevet glad i Spitsbergen.

Intervju i Aftenposten, 4. mai 1920

I 1915 var han igjen på Svalbard. Båten forliste, men alle berga livet. Skuta blei etter kvart berga, og Wigdehl fekk målarsakene sine attende. Han uttalte seinare at «vi maatte gaa 20 norske mil gjennem is og vand for at komme til folk i Green Harbour.»

Og i 1919 deltok han som kunstnar på Adolf Hoels svalbardekspedisjon. I Longyearbyen utsmykka han den nye arbeidarkafeen. Wigdehl ville nok ha oppsøkt det polare igjen, han drøymde til og med om ei overvintring, men helsa sette ein stoppar for det.

Maleri av Michaloff Wighdel. Motiv fra Svalbard

Kvaliteten på Wigdehls kunst har til tider vore omdiskutert, men han vart svært godt motteken av både kolleger og publikum. Wigdehl hadde mange utstillingar i inn- og utland. Det gjekk mange anekdotar om hans originale kunstnarnatur. Han skal for eksempel ha sagt, ifølge Farmand, at: «Fyrste dagen eg var i Paris drakk eg meg så full at eg datt i Themsen.» Han døydde av kreft på Rikshospitalet og blei gravlagt på Gildeskål gamle kyrkjegard.