Russisk polarforskar og marinbiolog
1864–1950
Fullt navn: Leonid Ludwig Lvovitsj Breitfuß
Leonid Breitfuss vart fødd inn i ein russisk-tysk familie i St. Petersburg. Han tok doktorgraden på ei avhandling om kalksvampar ved universitetet i Berlin i 1898.
I perioden 1898–1908 deltok Breitfuss i den store russiske vitskaplege/industrielle Murmansk-ekspedisjonen, som han vart leiar for i 1902. Ekspedisjonen utforska hydrografi, fisk og biologi i Barentshavet og langs Murmansk-kysten. Ekspedisjonen var med på å bana veg for oppstart av trålfiske i Barentshavet. Etter ekspedisjonen arbeidde Breitfuss med hydrografi som direktør i det russiske marinedepartementet.
Han var i 1914 involvert i å opprette ein polarkommisjon i det russiske vitskapsakademiet. I 1914 og -15 organiserte Breitfuss redningsekspedisjonar for polarekspedisjonar som var hamna i naud. Vidare samarbeidde han i 1920 med Otto Sverdrup om å få berga «Solovej Budimirovitsj» som var innefrosen i isen. Breitfuss hadde det ikkje travelt med å reisa heim til borgarkrigen, han blei i Noreg til året etter, då han emigrerte til Tyskland.
Framleis var han oppteken av blant anna Nordaustpassasjen. I 1924 var han med på å stifta Aeroarctic: eit internasjonalt selskap som skulle organisera polarforsking med luftskip. Fridtjof Nansen vart den første presidenten i selskapet.
Alt i 1926 argumenterte Breitfuss for å gjennomføra det andre internasjonale polaråret i 1932, femti år etter det første, med blant anna grundig kartlegging av den arktiske havisens utbreiing gjennom året. Han fekk gjennomslag for ideen, og det andre internasjonale polaråret 1932–33 vart gjennomført.
Leonid Breitfuss er ikkje minst kjent som «polarkronikør». Han bygde opp ei stor samling av polarlitteratur gjennom mange år og arbeidde med eit stort verk om polarforsking, som skulle omtala meir enn 3.000 ekspedisjonar. Dette vart aldri ferdigstilt. Scott Polar Research Institute i Cambridge sikra seg Breitfuss’ bibliotek ved kjøp i 1951.
Fridtjof Nansen og Aeroarctic-selskapet 1924–1930
På 1920- tallet ønsket Fridtjof Nansen å fly et tyskbygd luftskip over pol- områdene, fra Europa til Nord-Amerika. I den biografiske litteraturen har dette blitt beskrevet som en polfarers siste forsøk på å nå sitt store mål, Nordpolen. Men biografer glemmer ofte at Nansen var vitenskapsmann hele livet – og hadde store ambisjoner og uløste oppgaver innen oseano- grafien. En stor del av Nansens vitenskapelige virke ble i denne perioden kanalisert inn i det såkalte Aeroarctic- selskapet, hvor Nansen ble utnevnt til første president høsten 1924.