Leonhard Seppala

Norskamerikansk gullgravar og hundekøyrar, køyrde livreddande medisin til Nome i 1925, med hundespann i snøstorm

1877–1967

Leonhard Seppala blei fødd i Skibotn men vaks opp på Skjervøy. Faren Erik var smed og fiskar, Leonhard vaks opp i ein kvensk heim. Leonhard gjekk i lære som smed i Kristiania i 1897–98. I 1899 møtte han eventyraren Jafet Lindeberg, som rekrutterte Leonhard til å bli med seg til Nome i Alaska. Han var ein utmerka skiløpar, men snart blei hundekøyring hovudsporten. 

Jafet Lindeberg kom hjem fra Nome i Alaska med lommene fulle av gullklumper og tykke bunter med dollarsedler. Vi ungguttene fikk en ustyrlig lyst til å dra til Nome.

Leonhard Seppala i «Litt om hundekjøring og andre ting«

I 1909 gifta Seppala seg med kokken Constance (som eigentleg var belgisk). Dei komande åra vann han omtrent det som var å vinna av hundeløp i Nord-Amerika. Desse løpa kunne ha store pengepremiar til vinnaren, opp mot 10.000 dollar.

Seppala var tidleg ute med å bruka sibirske huskiar, som er mindre enn dei tradisjonelle trekkhundane i Alaska. Han var kjent for å behandla hundane sine med respekt i staden for pisk.

I januar 1925 bryt det ut difteri i Nome. Byen mangler serum, ei effektiv motgift. Serum blir kjørt med tog til Nenana. Derifrå går serumet vidare rett vestover med ein stafett av ulike hundekjørarar. Stafetten går midtvinters med temperaturar ned mot 50 minusgrader. Fleire av hundane som er med, misser livet av frostskader. Seppala, med den perfekte leiarhunden Togo i spissen, har den lengste etappen. Landsmannen Gunnar Kaasen køyrer serumet inn i Nome 2. februar 1925, med hunden Balto (en av Seppalas hunder) i spissen av hundespannet. Då er alt seks pasientar døde av difteri. Men serumet overlevde den kalde turen, og epidemien vart stogga.

I know Seppala well, and I think the thing he is doing is one of the bravest and one of the most wonderful I have ever heard about. 

Roald Amundsen om serumløpet til New York Times 2. februar 1925 

Seppala held fram med å reisa rundt med hundespann, køyra løp og halda foredrag. Han pensjonerer seg i 1946 og flytter med Constance frå Alaska til Seattle. Han var fleire gonger på besøk i heimlandet. 

The dogs always came first in importance.

Constance Seppala til Seattle Times 28. mars 1954