Johan Koren

Pioner, jeger, zoologisk samlar og utforskar av polare område

1879–1919

Johan Koren vaks opp i Fredrikstad. Faren var skipskaptein og bankmann, men begge foreldra døydde då guten var 11 år. Koren blei tidleg interessert i dyrelivet og fekk kontakt med zoologiprofessor Robert Collett i Kristiania. Som formell utdanning hadde Koren middelskulen og sveinebrev som tømrar.

 Læretid på «Belgica-ekspedisjonen» 

Berre 17 år gammal fekk han hyre som lettmatros på «Belgica», belgisk sydpolsekspedisjon 1897–99, leia av Adrien de Gerlache. Den åtte år eldre Roald Amundsen var styrmann om bord. Skuta sat fast i isen i Bellingshausenhavet frå januar 1898 til mars 1899, og dette var den aller første overvintringa i Antarktis. Ekspedisjonen, som hadde eigen zoolog med, vart ei nyttig læretid for Koren, og han bestemde seg for å bli oppdagar. 
 
Etter dette arbeidde Koren ei tid som zoologisk teiknar på Zoologisk museum 
i Oslo. Hausten 1900 reiste han til Pasvik saman med den unge ornitologen Hans T.L. Schaanning. Dei to venene levde som jegerar og samla inn fuglar og egg for sal til museum i inn- og utland. Dei to overvintra også på Novaja Semlja 1902–03, hyra av Kristian Birkelands nordlysekspedisjon.

På selfangstekspedisjon 

I 1906 bar det sørover mot Antarktis igjen. Henrik Johan Bull tok Koren med på selfangstekspedisjon, men skuta forliste ved Crozetøyane, og mannskapet berga seg i land på ei folketom øy. Koren skal ha mykje av æra for at humøret og moralen heldt seg sånn nokolunde. (Han laga bl.a. avis og kortstokk!) Ved eit lukketreff blir dei redda i februar 1907, etter tre forblåste månader på Crozet. 

Sibir

Johan Koren befann seg så på bar bakke i Australia, der han tok seg ymse arbeid i eitt år og la seg opp litt pengar. Pengane skulle sjølvsagt gå til ein ny ekspedisjon, denne gongen til Sibir. Sommaren 1908 var Koren i Anadyr saman med venen Hjalmar Jensen. Under flytting til vinterleiren døydde Jensen i eit forlis. Johan vart berga i siste liten av ei gruppe tsjuktsjarar og var igjen temmeleg blakk. Så gjekk ferda over Beringstredet til Nome. 
 
Her imponerte han med å overleva ute på tur i det barske klimaet i vekevis med lite utstyr. Inntekter fikk han ved å stoppa ut bl.a. fuglar og reinsdyrhovud. Koren fikk kontakt med rike ornitologar og vitskaplege museum som utrusta han for ekspedisjonar i Aust-Sibir. På denne tida fekk han namn som ein av verdas mest dugelege feltzoologar. 
 
I 1911 drog Koren til Kolyma-området nord i Sibir med skonnerten «Kittiwake», som blei det første skipet som kom opp floda til forvisingsstaden Nisjne Kolymsk. Her fekk Koren bl.a. kontakt med forviste revolusjonære, ein av dei vart for ei stund russisklæraren hans. Det zoologiske utbytet resulterte i at fleire underartar seinare vart beskrivne som nye for vitskapen. Reisa tilbake til Alaska vart strabasiøs, og Koren forliste for n-te gong.  

«The Norwegian Robinson Crusoe»

I mars 1913 gjekk han til fots aleine frå Little Diomede (den eine av to øyer midt i Beringstredet) til Alaska. Dette vågestykket var han den første «kvite mann» til å utføra. Johan Koren vart no eit kjent namn (i Alaska fikk han nemninga «the Norwegian Robinson Crusoe»). 

Skjebnen har vært mer gavmild med eventyrlige hendelser mot meg enn mot andre dødelige. 

i brev til Schaaning, sitert i Fredriksstads Blad, 4. oktober 1979

The Koren Arctic Expedition

Året etter set Koren igjen kursen for Kolyma i spissen for «The Koren Arctic Expedition». Men denne ekspedisjonen leid under økonomiske vanskar og konflikt mellom deltakarane. Etter at ekspedisjonen satt fast i isen ved Kolyma måtte begge hender til Koren amputeres (ifølge artikkel i Vestfinnmarken 7. september 1915). Sommaren 1915 hoppa Koren av heile prosjektet og busette seg i Nizjne Kolymsk, der han heldt fram med innsamlingsarbeid. Han var her sambuar med den lokale Efimja Nikolajevna Rebrova. I ei av bielvene fann Koren gull utan å starta utvinning: Han skjøna at dette ville bringa ulukke over folket. 
 
Under den russiske revolusjonenen vart Koren hausten 1917 tilsett i handels-firmaet Youroveta i Vladivostok. Han gjor her ein stor humanitær innsats med å organisera mattransport og handel i Sibir. Men i mars 1919 døydde Koren på sjukehus i Vladivostok, 39 år gammal. Han hadde fått spanskesjuka på ei av reisene sine. Kyrkjegarden der han vart gravlagt, er seinare sletta og gjort om til folkepark. Nøyaktig gravstad er såleis ukjend. 
 
Johan Koren var jeger, zoologisk samlar og utforskar av polare område. Han var ein pioner, men gamlelandet har stort sett gløymt bragdene hans. Steinar Wikan (biolog og historikar) har i nyare tid lagt ned eit stort arbeid med å gjera Korens liv kjent.