Den fyrste polarflygaren var polsk
1888–1976
På russisk kjent som Ivan Josifovitsj Nagurski, på engelsk Yan Iosifovich Nagurskiy.
Polen var ikkje eigen stat i 1888, så Jan Nagórski blei fødd i Det russiske imperiet i januar 1888. Etter krigsskule i Odessa (1906-09) fekk han flygarutdanning i den allrussiske aeroklubben i 1911-12. Året etter fullførte han både ingeniør- og marineflygar-utdanning i Gattsjina (utanfor St. Petersburg). Han vart med ein av dei fyrste flygarane i den russiske marinen.
Sommaren 1912 blei tre russiske Arktis-ekspedisjonar sakna.
- Georgij Sedov leia ekspedisjon mot Nordpolen med «Svjatoj Foka».
- Georgij Brusilov leia ekspedisjon med «Svjatova Anna» frå St. Petersburg via Murmansk mot Nordaustpassasjen.
- Vladimir Rusanov leia ein Svalbard-ekspedisjon med selfangaren «Gerkules». Etter eit vellukka opphald på Svalbard ville han også prøva seg på Nordaustpassasjen.
I 1913 vart det klart at Sedov på grunn av isforholda måtte overvintra nordvest på Novaja Semlja. Dei andre to hadde ein ikkje høyrt frå. I 1914 måtte det settast inn forsøk på søk og redning. Blant fleire skip som vart sende ut, var «Eclipse» med Otto Sverdrup som sjef.
I juni 1914 vart det i Kristiania lasta om bord i Eclipse eit demontert sjøfly i tillegg til alt det andre ekspedisjonsutstyret. Nagórski var der og passa på. Han hadde nyleg fått gode råd frå Roald Amundsen. Og han hadde til og med vore i Frankrike og inspisert arbeidet med flytypen på fabrikken til Maurice Farman. Det vart også tid til prøveflyging.
Nagórski og hans mekanikar monterte flyet på ei strand på Novaja Semlja. I august og september gjorde dei ti turar nordover Barentshavet og Novaja Semlja, heilt opp til 76 grader nord. Han fann ikkje Sedovs ekspedisjon, men gjorde nyttige erfaringar som han nedfelte i sin rapport. Sett bort frå ballongar og luftskip vart han den første polare flygaren og vart dekorert for dette.
Under første verdskrigen var Nagórski i aktiv teneste som militærflygar. I 1916 var han den første som utførte loop med eit sjøfly (såkalla flybåt). I 1917 vart han skoten ned av eit tysk fly i Austersjøen. Etter nokre timar i sjøen blei han redda av ein russisk ubåt. Han kom seg fort på eit sjukehus i Riga, men rapporten om redninga kom aldri fram til hovudkvarteret, og Nagórski var lenge offisielt registrert som omkomen.
I 1918 var han heime i Polen på besøk. Polen vart etter krigen etablert som sjølvstendig stat, omveltningane gjorde det umogleg for Nagórski å reisa tilbake til Russland. Han fekk seg jobb som ingeniør. I 1956 trefte han tilfeldigvis forfataren Tsentkevitsj, som i ei bok hadde skrive at Nagórski døydde i 1917. 39 åra seinare kunne ikkje Nagórski motstå freistinga, han presenterte seg…
Det vart oppstyr, og han vart omsider invitert til Moskva, der russiske flygarar med arktisk erfaring fekk treffa og hylla sitt førebilete. Og han fekk vita at ein stasjon på Frans Josefs land var oppkalla etter han.
In some places the outline of the coast of Novaya Zemlya does not agree with the charts…
Omsetting frå Nagórskis rapport etter flygingane i 1914.
Photographs from the air can provide accurate data for correcting and amending the charts.
Nr. 03 Nansen på ski over Grønland 1888–1889

GRØNLAND, ØSTKYSTEN, 20. JULI 1888. Det er tre dager siden skipperen på selfangstskuta «Jason» satte dem av i drivisen, skjøt kanonsalutt og tok farvel med en bekymret mine. Måtte de bare få leve. Drivisbeltet er ugjennomtrengelig. De er fanget i isen og nå fører strømmen dem feil vei. Fridtjof Nansen innser at situasjonen er alvorlig. […]
Samer på polarekspedisjoner

«I Norge har lapperne først innført skiene…» Dette skrev Fridtjof Nansen i boka På ski over Grønland. Der slo han fast at nordmenn langt tilbake i tida betraktet samene som de dyktigste skiløperne, og at det å forflytte seg hurtig på ski over lange avstander var karakteristisk for samene. Samene blir også lovprist for deres […]