Henry Rudi

Fangstmann på Svalbard, også kalt «Isbjørnkongen»

1889–1970

Fullt navn: Henry Marentius Rudi

Henry Rudi er kjend som «isbjørnkongen». Han sette då også ein uslåeleg rekord med 713 skotne isbjørnar i løpet av den lange karrieren som arktisk fangstmann. For ordens skuld: Han nedla ikkje alle desse sjølv, talet inkluderer også dyr felte av kameratane på dei overvintringane Rudi deltok i. Mellom overvintringane kunne han ta seg jobb som selfangar.

Rudi var frå Tromsø. I oppveksten oppheldt han seg mykje i det barske miljøet rundt ishavsgastar og fangstfolk. Dei polare stroka vart som ein magnet for gutane. Henrys einaste bror, den eldre Olaf, vart også fangstmann.

Etter folkeskulen tok Henry eit handelskurs og fekk butikkjobb i det fyrste samvirkelaget i byen. Men eventyrlysta var sterk, han hadde ikkje noko framtid bak disken. Då han var nitten, drog han til Hopen som skårunge på overvintring, under svensken August Olofsson.

Det var fyrste gong fangstfolk overvintra på denne øya. Alt då tok Henry til seg sin fyrste isbjørnunge (etter å ha skote mora) som selskapsdyr. Desse dyra vart seinare selde, bl.a. til dyreparkar. Sesongen 1910–11 vart begge Rudi-brørne med til området rundt Kongsfjorden på overvintring. Henry mista broren sin om våren. Olaf drog ut på selfangst i småbåt saman med Samson Fylkesnes, dei kom aldri tilbake.

Rudi overvintra til saman 27 gonger. Han var både på Hopen og Jan Mayen, sju ulike stader på Svalbard og ikkje minst på Grønland. Fyrst Nordaust-Grønland 1928–30, Søraust-Grønland 1931–33, så Nordaust-Grønland att i 1939–42. I 1942–45 tilhøyrte han ei sledepatrulje på Nordaust-Grønland, som den uavhengige, danske landsfogden Eske Brun hadde oppretta året før i samarbeid med amerikanske militære interesser.

Stasjonen på Eskimones blei okkupert av tyskarar sommaren 1943. Den tyske offiseren som leia angrepet, heitte Hermann Ritter. Han var ikkje nazist, men hadde fleire overvintringar bak seg som fangstmann på Svalbard. Han hadde takka ja til oppdrag på Grønland for å koma «heim til Arktis». Ritter og Rudi hadde til og med overvintra saman tidlegare. Vi siterer korporal Rudi frå boka om han:

Men da jeg hørte navnet mitt, var det som der fór en kniv gjennom meg.
Den stemmen skulle jeg kjenne.
Det var Ritter. – Ritter som jeg kjente som en venn, – nå stod han overfor meg med våpen i hånd. Jeg eller du, – det var mottoet nå.
Jeg ble forbanna over slikt.

Det finst mange historier om fangstfolket sine festar etter gode sesongar. Ein gong kjøpte Rudi inn 500 liter øl for å laga folkefest sør på Tromsøya. Som pensjonist var han ein svært populær historieforteljar og nærmast fast inventar på Ølhallen. I denne tradisjonsrike kjellaren heng det framleis bilete av Rudi på veggane, og der finst «Henry Rudis plass».

I 1953 fekk Henry Rudi Kongens fortenestemedalje i sølv. I 1958 kom boka om han, ført i pennen av NRK-mannen Lars N. Sørensen. Denne boka er seinare kome i nye opplag, seinast i 2001, ho er også oversett til svensk. Henry døydde 15. juni 1970. Ved gravferda i heimbyen Tromsø stod kameratar frå ishavsmiljøet æresvakt for ham.