Henry Larsen

Politioffiser, kaptein, canadisk oppdagar og den første som sigla gjennom Nordvestpassasjen både frå aust og frå vest

1899–1964

Fullt navn: Henry Asbjørn Larsen

Henry Asbjørn Larsen blei fødd på Hvaler i 1899. Faren forsvann tidleg ut av soga, og Henry vaks opp hos tante og onkel som hadde mange ungar frå før. Han stakk tidleg til sjøs, berre 15 år gammal, og avslutta sjømannsskulen i Kristiania 1920. Etter marineteneste vart Henry styrmann hos Fred. Olsen. 
 
I 1923 var Larsens skip i Vancouver. Her blei han svært inspirert av å treffa Roald Amundsen, som var på foredragsturné. Henry fekk så hyre som navigatør for norske Christian Klingenberg, som hadde slått seg ned hos canadiske iniuttar. Henry sigla gjennom Beringstretet før han på overvintring hos inuittane lærte å overleva i Arktis.

 «Ridande» politi i Canada 

Larsen vart I 1928 canadisk statsborgar og starta i teneste hos The Royal Canadian Mounted Police. I sjølbiografien sin beskriv han det som det store vendepunktet i livet. Canadas berømte ridande politi blei oppretta i 1873 og sorterer under forsvarsdepartementet. Det skal oppretthalda suverenitet i dei nordlige områda, har administrative verv og skal ordne opp i alle slag konflikter i dei veldige øydemarkene. Namnet er litt misvisande; folk som Henry var mykje meir i teneste med skip eller hundeslede enn til hest. 
 
Henry var i mange år stasjonert på politiskipet St. Roch, som han blei kaptein for i 1935. Same året gifta han seg med Mary Hargreaves, men han såg familien i Vancouver relativt sjeldan. I jobben sin var han ofte talsmann for inuittane sine interesser. Under andre verdskrigen fekk Henry med St. Roch i oppdrag å inspisera områda frå Vancouver i vest og heilt til Halifax i aust, og tilbake. Altså Nordvestpassasjen. På tilbaketuren i 1944 var isforholda gode, og Henry blei den første som tok denne turen utan overvintring.  
 
Av inuittane fekk han namnet Hanorie Umiarpolik: Henry med det store skipet. I perioden 1948-61 var Henry Larsen sjef for RCMPs arktiske avdeling. I 1957 fekk Henry i oppdrag å avduka monumentet over Otto Sverdrup i Steinkjer. Då var det 34 år sia sist han var i gamlelandet. Vancouver Maritime Museum er bygd rundt «St. Roch», her finst eit arkiv etter Henry.