Hans W:son Ahlmann

Svensk geograf, diplomat og glasiolog

1889–1974

Fullt navn: Hans Jakob Konrad Wilhelmsson Ahlmann

Polarforskaren Ahlmann var pioner innanfor hydroglasiologien, og han var Sveriges ambassadør til Noreg 1950–56. 
 
Hans vaks opp i ein militærheim i Stockholm. Han studerte under professor Gerard De Geer på Stockholms högskola. Alt i 1910 fekk han bli med De Geer til Svalbard. Han gifta seg med Erika Lillemor Harloff frå Bergen. Ahlmann tok doktorgraden i 1915 og vart dosent i geografi. Utnemnt til professor i 1929.
 
Ahlmann var ein aktiv polarforskar med gode kontaktar, i 1931 leidde han ein ekspedisjon til Nordaustlandet. Saman med venen H.U. Sverdrup studerte han isbreane på Spitsbergen i 1934. Han undersøkte Vatnajökull på Island i 1936, og vinteren 1939–40 leia han svensk-norske studiar av isbrear på Grønland. Ahlmann kunne konkludera med at dei nordeuropeiske isbreane trekte seg tilbake. Han omtala dette som «klimatförbättringen». 
 
På 1940-talet vart Ahlmann ein internasjonal autoritet på forholdet mellom glasiologi og klimaforsking. Han tok initiativ til den norsk-britisk-svenske antarktisekspedisjonen 1949-52. Opphavleg sikta han ekspedisjonen inn mot Den antarktiske halvøya, men innsåg at forsking på isen i norske Dronning Maud Land kunne bli meir fruktbar. Han argumenterte også med at Vesten var i ferd med å bli akterutseilt av den store satsinga på polarforsking i Sovjetunionen.

Blant fangstfolk levde han som dem. Men selv i fangsthytta, eller foran primusen i det sotete polarteltet, er han likevel den suverene – forskeren. Og som ekspedisjonsleder er han fremragende; alltid sindig og tålmodig, stillferdig men bestemt.


Kåre Rodahl om Ahlmann i Magasinet, 1946: nr.41/42. 

Ahlmann tipsa dei norske samfunnstoppane om at professor H.U. Sverdrup truleg var villig til å koma heim frå California til Noreg for å leia eit nytt norsk polarinstitutt. Og brikkene fell på plass. Norsk Polarinstitutt, med Sverdrup som direktør, var ein realitet i 1948. Utanriksminister Lange kravde at den internasjonale Antarktis-ekspedisjonen skulle ha norsk leiing, det gjekk også i orden. 
 
Han valde i 1950 å takka ja til å bli Sveriges ambassdør i Oslo, og ofra med det ein vidare vitskapleg karriere.