Hans Larsen Norberg

Fiskarbonde, forskar og fangstmann

1861–1917

Hans L. Norberg var frå Tromsø (Kaldslett). Han var mange gonger på Svalbard, fyrst som fangstmann, seinare som forskar. Han var alltid oppteken av naturen rundt seg og har gjeve fleire interessante bidrag til utforskinga av arktisk flora og fauna.

Men det var geologien som var Norbergs hovudinteresse – Svalbard er då også eit geologisk skattkammer. I 1906 fekk han tak i eit eksemplar av professor Alfred Gabriel Nathorsts Jordens historia på over 1100 sider, og Norberg studerte boka grundig – det var som ei ny verd opna seg.

I 1908 skreiv han til Nathorst og spurte om høve til å vera med ein vitskapleg ekspedisjon til Svalbard som assistent. Det var ingen ledig plass i den svenske ekspedisjonen, men Norberg kom seg til Svalbard på overvintring likevel. I 1910 samla han fossilar for Gunnar Isachsens ekspedisjon. I 1911 fulgte han den svenske geolog Bertil Högboms ekspedisjon og i 1912 overlærar Carl Schultz, Trondheim. I 1913, 1914 og 1915 samla han for Naturhistoriska Riksmuseet i Stockholm.

To menn står på en vei ved et jorde
Hans L. Norberg og O. T. Grønlie. Bilde fra 1915 med Storsteinen i bakgrunnen. Foto: Norsk Polarinstitutt

Hans Norberg sende fossilar, geologiske prøver, skildringar og teikningar til både professor Nathorst og norske fagfolk. Slik bidrog han til den geologiske og paleontologiske vitskapen, sjølv om han ikkje nådde å publisera mykje i sitt eige namn. To nye fossile planteartar vart oppkalla etter Norberg. Før han døydde, gav Tromsø museum ut ein artikkel av Norberg der han beskriv restane etter bl.a. gamle, russiske hus ved Isjorden og Bellsund.

Tidsskriftet Naturen trykte ein notis der Norberg forklarer kvifor det er funne store kvalbein oppå fleire fjell i Finnmark og Troms. Forklaringa på mysteriet er rett og slett at i gammal tid (1700-talet) brukte folk kvalbein til å byggja varder i skoglause område. Skulle det varslast krig, kunne så varden tennast opp. Kvalbein inneheld mykje feitt og vil då brenna med mykje røyk som er godt synleg i den lyse årstida, iallfall.

Norberg fortalde gjerne om sine observasjonar og konklusjonar om Svalbard – det kom då ein eigen glød over den livlege figuren. Norberg levde i små kår, han var ingen kravstor mann, men han hadde ein entusiasme for vitskapen, som gjorde at han i 1913-14 fekk stipend til innsamlingsarbeid frå Riksmuseet i Stockholm.

Frå prof. Nathorst fekk han lovord for arbeidet sitt. Dette var til stor oppmuntring for Norberg, som sleit med skral helse. Han avsluttar det siste brevet sitt til professoren slik: ”Jeg faar nu slutte og takke saa mange ganger for vort likesom samarbeide. Om jeg faar lov at komme mig mere vet vi ikke, kun Gud.”

Då Norberg døydde, skreiv Nathorst ein stor nekrolog om Norberg i Svenska dagbladet (29.10.1917) som også vart trykt i Ymer. Her vert Norberg omtala som ”en sannskyldig naturforskare av Guds naade”. Namnet åt fiskarbonden frå Kaldslett hadde raga høgt i historia om utforskinga av Svalbard viss han hadde fått ei god utdanning i yngre år, og fått leva lenger.