Grosserar og ishavsreiar frå Ålesund
1857–1928
Fullt navn: Hans Peter Lauritz Koppernæs
Sunnmøringen Hans Koppernæs vart fødd i Syvden. Den 14. oktober 1884, 27 år, grunnla han firmaet A/S H. Koppernæs & Sønner. Frå starten med fiske og fangst var vegen kort til skipshandel og eksport av selskinn og fisk. I 1925 starta selskapet produksjon av sildeolje og sildemjøl.
Blant handelsmennene i Ålesund var Koppernæs lenge den som utrusta flest fartøy, ofte med skipparen som partshavar. Han omsette også ishavsprodukt og hadde foredlingsanlegg.
Som kjøpmann utrusta han den første skuta frå Sunnmøre til Ishavet. Det var «Minna» med skipper Peter S. Brandal, som gjekk ut i 1898 til Svalbard og Vestisen. Utrustinga var eit slags lån, med risiko: Verdien vart trekt ifrå når fangsten vart levert kjøpmannen etter heimkomsten.
I 1905 starta Koppernæs med fabrikkmessig foredling av spekk (Vedde-anlegget). I 1908 utrusta han og Severin Liavåg den første overvintringsekspedisjonen til Aust-Grønland med «Floren».
Polaråret 1932–33

Det andre Polaråret kom midt under den økonomiske depresjonen på 1930-tallet. Dette satte sitt preg på den vitenskapelige innsatsen både i Norge og internasjonalt. Som i 1882–83 var også det andre Polaråret et stort internasjonalt geofysisk forskingssamarbeid. Dette var et fagområde der Norge hadde et sterkt vitenskapelig miljø å spille på. De to meste sentrale […]