Kunstnar og kartograf
1897–1953
Gunnar Scott-Ruud blei tilsett som kartograf (kartteiknar) på Norges Svalbard- og Ishavsundersøkingar (NSIU) i 1936, og var med det den fyrste kartografen i Norsk Polarinstitutt.
Scott-Ruud var født i Kristiania, han starta yrkeskarriera som kartteiknar hos Norges Geografiske Oppmåling samtidig som han tok utdanning på Statens Håndtverks- og Kunstindustriskole.
Då Scott-Ruud starta i stillinga i NSIU hadde han ein avtale om å arbeide 8 månader per år, resten av tida si brukte han på kunstnariske prosjekt og andre oppdrag, mellom anna laga han atlas og store kart til skoleverket.
Det første kartet med Scott-Ruud sin signatur blei publisert i 1937, det var eit oversiktskart over Svalbard i målestokk 1:2 mill. I 1948 utførde han kartografien på det første kartet i hovudkartserien for Svalbard, eit kart kor han har teikna inn fjellskygge som gir ein fin terrengeffekt.
Scott-Ruud arbeidde i Norsk Polarinstitutt fram til 1952, og i same perioden hadde han mange separatutstillingar med sine måleri, og han deltok også i ei heil rekke kollektivutstillingar, både i Norge og utanlands.
Forfatter: Oddveig Øien Ørvoll
Nr. 03 Nansen på ski over Grønland 1888–1889
GRØNLAND, ØSTKYSTEN, 20. JULI 1888. Det er tre dager siden skipperen på selfangstskuta «Jason» satte dem av i drivisen, skjøt kanonsalutt og tok farvel med en bekymret mine. Måtte de bare få leve. Drivisbeltet er ugjennomtrengelig. De er fanget i isen og nå fører strømmen dem feil vei. Fridtjof Nansen innser at situasjonen er alvorlig. […]