Gunnar Scott-Ruud

Kunstnar og kartograf

1897–1953

Gunnar Scott-Ruud blei tilsett som kartograf (kartteiknar) på Norges Svalbard- og Ishavsundersøkingar (NSIU) i 1936, og var med det den fyrste kartografen i Norsk Polarinstitutt.  

Scott-Ruud var født i Kristiania, han starta yrkeskarriera som kartteiknar hos Norges Geografiske Oppmåling samtidig som han tok utdanning på Statens Håndtverks- og Kunstindustriskole. 

Då Scott-Ruud starta i stillinga i NSIU hadde han ein avtale om å arbeide 8 månader per år, resten av tida si brukte han på kunstnariske prosjekt og andre oppdrag, mellom anna laga han atlas og store kart til skoleverket. 

Det første kartet med Scott-Ruud sin signatur blei publisert i 1937, det var eit oversiktskart over Svalbard i målestokk 1:2 mill. I 1948 utførde han kartografien på det første kartet i hovudkartserien for Svalbard, eit kart kor han har teikna inn fjellskygge som gir ein fin terrengeffekt. 

Scott-Ruud arbeidde i Norsk Polarinstitutt fram til 1952, og i same perioden hadde han mange separatutstillingar med sine måleri, og han deltok også i ei heil rekke kollektivutstillingar, både i Norge og utanlands. 

gammelt kart med avrevet flik i øverste venstre hjørne
Det første S-100 kartet Norsk Polarinstitutt utga.

Forfatter: Oddveig Øien Ørvoll