Gunnar Isachsen

Rittmeister, polarforskar og museumsdirektør

1868–1939

Fullt navn: Gunnerius Ingvald Isachsen

Gunnar Isachsen vaks opp i Drøbak og vart uteksaminert frå Krigsskulen i 1891. I 1898 avanserte han til rittmeister (kaptein) i det norske kavalleriet. Isachsen var som topograf med på Otto Sverdrups Fram-ekspedisjon til Nordvest-Grønland og Nord-Canada 1898-1902. I øyriket som i dag er ein del av Canada, stod Isachsen for lange sledereiser der han kartla nytt land for første gong. Ekspedisjonsleiar Otto Sverdrup annekterte store landområde for Noreg, men dette vart ikkje følgt opp av regjeringa.

I 190305 tenestegjorde Gunnar Isachsen i det franske militæret. I kjølvatnet av dette fekk han etalbert god kontakt med den ihuga oseanografen prins Albert av Monaco. I 1906 og 1907 var prinsen med sitt forskingsfartøy på tokt i farvatna rundt Svalbard, mens Isachsen fekk ansvaret for å leia ei geologisk og topografisk kartleggingsgruppe i landområda i Nordvest-Svalbard.

Maleri av to menn som triangulerer med en tripod i en fjord med brefront
Gunnar Isachsen utfører trianguleringsarbeid på Svalbard under en vitenskapelig ekspedisjon i 1906-07, finansiert av fyrsten av Monaco. Maleri av Louis Tinayre som er i Norsk Polarinstitutts eie.

Så i 1909 og 10 fekk Isachsen delvis stønad frå den norske staten til å gjera eigne ekspedisjonar til Svalbard. Dette vart starten på dei årvisse Svalbard-aktivitetane som seinare skulle bli til Norsk Polarinstitutt. Så i desember 1910 er det duka for eit oppgjer: Adolf Hoel, Arve Staxrud og Alfred Koller konfronterer Isachsen med kritikk. Dei vil ikkje lenger jobba under han, men planlegger eigen ekspedisjon for året etter. Og slik vart det, Hoel overtok som leiar for den norske Svalbard-satsinga.

Gunnar Isachsen var svært interessert i å dokumentera og beskriva pionerferder som norske fangstfolk hadde gjort i Arktis. Han samla materiale i fleire år. Men i 1914 brann Isachsens hus i Asker ned, og mange arktiske manuskript og kjeldemateriale gjekk dessverre tapt. Isachsen klarte likevel å publisera artiklar om fangstfolka, men det store, samla verket vart ikkje realisert.

To menn sitter, en på en kasse og den andre på en slede mens han har ski på bena. Det er kasser på sleden og et telt bak den, to hunder sitter foran de to mennene
Karl Haavimb og Gunnar Isachsen på feltarbeid på Svalbard i 1910. Foto: Gunnar Isachsen, Norsk Polarinstitutt

Isachsen var ein kapasitet som blei nytta av den norske regjeringa, han var m.a. aktiv i den norske delegasjonen under forhandlingane i Paris som resulterte i Svalbardtraktaten. Han var også med på ekspedisjonar til Grønland tidleg på 1920-talet. I 1923 vart Isachsen tilsett som styrar for Norsk Sjøfartsmuseum. Tittelen vart etter kvart direktør, og denne jobben hadde han heilt til han døydde i 1939. I denne perioden deltok han også på fleire ekspedisjonar til Sørishavet.

Naar vi ser paa kartet og tænker paa hvad det norske rike engang var, maa vi erkjende at vort land i tidens løp er blit sørgelig beklippet, landsdeler git bort, pantsat, glemt! Det er at haape at Spitsbergen ikke maa bli et led i denne kjede. Alle nordmænd vil føle sig mindre ved at se et andet flag end det norske vaie over Spitsbergen.

Isachsen, 1919. Etterord til en artikkel om norske ishavsfolk og-færder