Gunnar Aasgaard

Gunnar Aasgaard var ein svært anerkjent gruveingeniør. Han begynte sitt arbeid på Svalbard i 1924. I perioden 1938–1950 var han bergmeister for Svalbard.

1888–1968

Gunnar vaks opp på Eidsvoll og fullførte «bergeksamen» frå Universitetet i Oslo i 1911. Han drog så på studiereiser til fleire europeiske land. Fram til 1924 var han gruveingeniør, den lengste perioden driftsleiar ved Kjøli gruber i Trøndelag.

Så lokka eventyret i nord; han deltok som geolog på Adolf Hoels Svalbard-ekspedisjon juni til september 1924. Dette ga meirsmak. Han begynte alt same året i jobb hos Store Norske i Longyearbyen, først som gruveingeniør, etter kvart bestyrar. I 1931 drog han tilbake til fastlandet og vart direktør for Folldals Verk. 

Bergmester Gunnar Aasgaard på Svalbard. Foto: Norsk Polarinstitutt

I august 1938 begynte Aasgaard i embetet som bergmeister for Svalbard. Då var det også bestemt at bergmeisteren skulle tilhald på Svalbard heile året. Han var kvart år på inspeksjonsreiser til dei ulike gruveanlegga på øyriket.

To kvinner, en mann og en pike står ved siden av to barnevogner
Evakuering fra Longyearbyen under andre verdenskrig, september 1941. Foto: Gunnar Aasgaard, Norsk Polarinstitutt

I 1941 vart han evakuert til Storbritannia saman med resten av befolkninga i Longyearbyen. Under krigen var Aasgaard aktiv i den norske delegasjonen i London, han studerte også britiske kolgruver. Leiinga i Store Norske la i 1943 planar om å senda ein styrke til Longyearbyen for å starta opp igjen utvinninga av kol. Det viste seg etter kvart at planane ikkje kunne gjennomførast, blant anna fordi tyskarane i september bomba anlegga på Svalbard.

I juli 1945 klarte Aasgaard å få plass på fly til Svalbard. Han var der til november og skreiv ein grundig rapport om forholda på Svalbard i 1945. Året etter rapporterte han om «Svalbard under og etter  verdenskrigen» i ein artikkel i Norsk geografisk tidsskrift.

I 1950 gjekk han frå stillinga som bergmeister for Svalbard til å bli bergmeister i Nordenfjeldske Bergdistrikt, fram til han pensjonerte seg i 1959. Aasgaard var også ein ivrig fotograf, bilda hans pryder mange skrifter om Svalbard. Han sovna stille inn dagen etter at han fylte åtti år.

Byggmester Aasgaard har sagt om seg selv at han er optimist når han skal se på nye malmfunn, men pessimist når han skal vurdere dem, og hele hans virke bærer preg av dette. Han har samlet seg en rik erfaring og solide kundskaper fra forskjellige felter innen norsk bergverksdrift og hans lune og elskverdige vesen blir høyt verdsatt av venner og kolleger.

Tidsskrift for kjemi, bergvesen og metallurgi, 18,no.7, 1958