Godfred Hansen

Dansk marineoffiser og polfarar. Var med Amundsen gjennom Nordvestpassasjen.

1876–1937

Godfred var son av etatsråd Hans Nicolai Hansen og Ovidia Elise Chatarina Bolette Jacobine, fødd Rode. Ho hadde slekt i Noreg; Godfred Hansen var fetter til Gunnar Heiberg (forfattar og teatersjef). Han vaks opp i København, med tre søsken.

Som 21-åring hadde Godfred utdanna seg til løytnant i den danske marinen. Han tenestegjorde på ulike fartøy, blant anna til Færøyane og Island. Så gjorde han eit val i 1902, marinelivet var ikkje spennande nok: Han sende søknad til Roald Amundsen om å få bli med ekspedisjonen til Nordvestpassasjen. 

Godfred Hansen får ja frå Amundsen, han blir nestkommanderande om bord på «Gjøa». Dei fleste norske offiserar var opptekne med å førebu seg på ein mogleg svensk invasjon, såleis falt Amundsens val på ein dansk offiser. «Gjøa» segler ut Oslofjorden ei juninatt i 1903. Det haster, kreditorane har trua med å få tatt beslag i Amundsens «Gjøa». 

I august -03, heilt oppi Nordvest-Grønland, treffer ekspedisjonen på den danske «litterære ekspedisjon» med Mylius Erichsen, Knud Rasmussen, Jørgen Brønlund og Harald Moltke. Møtet er hyggeleg og nyttig for begge ekspedisjonane. Godfred blir ven med Knud Rasmussen.

Så starter jakta på den magnetiske nordpolen. I starten av september oppstår det brann i «Gjøa»s maskinrom, men mannskapet på sju klarer resolutt å stoppa flammane før det blir ein fatal eksplosjon. «Gjøa» går på grunn i dei grunne farvatna der det då ikkje fanst pålitelege kart, men dei klarer til slutt å få henne på rett kjøl att.

Første overvintring skjer i «Gjøahavn» på King William Island, og måleinstrumenta blir fort sette i drift. Alt i oktober kjem dei første inuittane på besøk. Seinare ror Godfred og Helmer Hanssen vestover mot Victoriaøya for å finna vidare lei for «Gjøa» og legga ut depot.

Om våren er Hansen tilbake ved det utlagte depotet, han kjører hundesleder saman med Ristvedt. Han blir sjokkert over at isbjørn i løpet av vinteren har klart å velta heile varden og rana heile depotet som låg begravd under. Ristvedt og Hansen rekognoserte oppover McClintock-kanalen heilt mot nordspissen av Victoriaøya. Dei sette namn på til då ukjende oddar og bukter, Godfred teikna kart, turen tok tolv veker.

13. august 1905 legg «Gjøa» ut på neste delen av ferda mot Stillehavet. To veker seinare møter dei ei amerikansk kvalfangstskute i Beauforthavet. Den amerikanske kapteinen seier det er ei ære å vera den første til å ønska ekspedisjonen velkomen heim frå Nordvestpassasjen. Men, før «Gjøa» når fram til nordkysten av Alaska, går ho fast i isen. Amundsen og co må innsjå at det blir ei tredje overvintring før dei kjem seg til Beringstredet.

Amundsen må få varsla verda om sin suksess. I slutten av oktober legg han ut på den lange ferda med slede til telegrafen i Eagle, i det indre av Alaska. Han ga kommandoen til Godfred før avreisa. Sjefen er ikkje tilbake på «Gjøa» før i mars. Då kan han avsløra for mannskapet at Noreg er blitt sjølvstendig frå unionen med Sverige. Men Gustav Wiik er sjuk, han døyr 31. mars av ei liding dei ikkje klarer å diagnostisera. Endeleg, i august begynner isen å sleppa taket, og dei fortsetter ferda vestover langs kysten. 16.8.06 får «Gjøa» skade på motorakslingen, og ekspedisjonen må segla vidare.

Godfred var ein mann av godt humør, eit usliteleg lyst sinn. Om bord på «Gjøa» let han håret veksa, det hende han laga flette av det. Andre i mannskapet tykte det var fjollete, men dei fekk etter kvart respekt for sin dyktige nestkommanderande.

Ved Kapp Barrow blir dei møtte av den danske polfarar Ejnar Mikkelsen. Nordvestpassasjen er «beseira», og «Gjøa» fortsetter ferda til Nome. Her går kaptein Amundsen igjen frå borde, han må skunda seg sørover mot San Francisco, der dei skal møtast igjen. Det haster å få telegrafert historia til avisene.

Godfred Hansen i «Gjøa»s kahytt etter at han hadde seilt gjennom Nordvestpassasjen. Foto: Harry Randall / Nasjonalbiblioteket

Godfred har igjen kommandoen om bord, motoren er ikkje reparert, segla er slitne. Dei kjem velberga fram til San Franciso etter 43 døgn langs Stillehavskysten. Amundsen endte opp med å gje «Gjøa» i gåve til byen, mens dei seks returnerte heimover i tog mot austkysten.

I november -06 er Hansen heime i København og blir grundig feira som ein ny dansk polarhelt. I 1909 publiserer både Knud Rasmussen og Godfred Hansen store planar om ein ekspedisjon til arktisk Nord-Amerika. Men finansieringa går ikkje i orden, Hansen må gi opp planen. Knud Rasmussens store plan blir først realisert 1921–25.

I 1909 reiser løytnant Hansen til den danske kolonien i Karibia som nestkommanderande. Sjøen rundt øyene må kartleggast. Det raser ein debatt i Danmark om kolonien. Øyene blir i 1917 selte til USA, Godfred er sterk motstandar av salet.

Han gifta seg med Johanne Fibiger Plum, seinare med Anna Vieweg. Godfred adopterer Johannes dotter Ellen Vibeke frå første ekteskapet hennar. 

Då Amundsen i 1918 la i veg med «Maud» mot Polhavet, visste han ikkje kor ferda ville enda. Han ønska seg eit depot lagt ut ved Kapp Columbia heilt nord på Grønland. Godfred Hansen tok oppdraget, i samarbeid med Knud Rasmussen. Han tek Ellen Vibeke (23 år) med seg til Grønland i 1919 som sekretær. Etter endt oppdrag (Amundsen sjølv fekk aldri bruk for depotet) er Hansen tilbake i København hausten 1920. I ettertid går denne ferda under namnet 3. Thule-ekspedisjon.

I 1921 var Godfred adjutant på danskekongens «siginingsferd» til Island, Grønland og Færøyane. I mai 1923 var Godfred blitt kaptein på kryssaren Gejser. Ein dag skulle det vera ein stor demonstrasjon av eit nytt «tåkeapparat» om bord. I krig kunne det nemleg vera fornuftig å legga fartøyet inn i eit tåketeppe som kamuflasje. Den nye maskinen baserte seg på brenning av fosfor. Demonstrasjonen endte fort med eksplosjon. Godfred blei hardt ramma og måtte tilbringa mykje av det komande året på sjukehus. Men synet blei berga.

Hansen held stadig kontakt med Roald og broren Leon Amundsen. Men han lukkast ikkje med å koma seg ut på polarekspedisjon igjen og blir rastlaus som utdanningsoffiser og kaptein i marinen. 

I mai 1924 blir «Østgrønlandsk Fangstkompagni Nanok A/S» stifta, og Godfred er med i styret frå starten av.

«Søofficerer hade jeg aldrig før haft større fidus til. Fra Danmark-Ekspeditionen fik jeg ikke noet særlig indtryk af arbejdsevne hos dem. Men her fik jeg revideret min opfattelse. Godfred Hansen hade været adjutant hos kongen i fem år.  Han var en elegant og beleven søofficer, men under dette «forlis» viste han sig pludselig som en helt anden mand. Det så jjo en overgang ganske faretruende du. Men han sprang til. Han kommanderede noen unge søfolk væk fra vovelige pladser og tog selv deres job. Han bar vældige byrder, og han opmuntrede enhver til at gøre sit bedste, – stadig med en vittighed på læben og et strålende humør.

Og da det hele var overstået, hade vi alle om bord fået den dybeste respekt for denne fornemme mand. Aldrig så snart var det forbi, før han igjen antog det overlegne søofficervæsen, men nu viste vi, at der boede et virkeligt mandfolk bag.» 

Peter Freuchen fortel frå ei ferd over Melvillebukta i 1919.
Frå Freuchens bok «Fremdeles frimodig». København: Gyldendal, 1955.