Gerard De Geer var geolog, glasiolog og kartograf. Han var på ekspedisjon til Svalbard seks gonger mellom 1882 og 1910 – og leverte sentrale bidrag til den tidlege vitskaplege utforskinga av øygruppa.
1858–1943
Fullt navn: Gerard Jakob De Geer
Gerard vaks opp i Stockholm som son av Louis Gerard De Geer, som var statsminister 1876–80. Trass i at Gerard studerte berre i to år, og då fekk sin bachelor innanfor glasial geologi, gjorde han ein solid akademisk karriere, basert på sitt vitskaplege arbeid.
Alt som student begynte De Geer å jobba for Sveriges geologiska undersökning. I 1897 gjekk han over frå SGU til å bli geologiprofessor ved Stockholms högskola, der han blei til pensjonsalder.
I 1893 vart han æresdoktor ved universitetet i Uppsala. I 1900–05 sat han i Riksdagen.
I 1882 deltok De Geer i sin første Svalbard-ekspedisjon under leiing av Alfred G. Nathorst. Her gjorde han nytte av sin kartografiske kompetanse, han var også svært tidleg ute med å bruka fotografi som metode i kartlegging og dokumentasjon.
I 1896 leia De Geer sjølv ein kartografisk og geologisk ekspedisjon til Isfjorden. Ekspedisjonen fekk reisa opp til Svalbard med D/S Virgo, som eigentleg var hyra til Andrées ekspedisjon. Eit viktig resultat var det første detaljerte kartet over Isfjord-området.
De Geer er opphavsmann til den geokronologiske metoden.
Jag har därför för de av svenskar kartlagda områderna utvalt namn av svenskt ursprung och ofta i en gammaldags form för att minska risken för översättning.
De Geer i brev til Adolf Hoel september 1935. De Geer laga nye kart og ga såleis mange nye stadnamn på Svalbard. Han var nok ikkje så glad for at mange av dei seinare fekk norsk språkdrakt.
I 1899 blei De Geer invitert med i det russiske partiet som var del av den store gradmålingsekspedisjonen.
I 1901 overtok De Geer vervet som leiar for det svenske partiet i gradmålingsekspedisjonen. Han leia ein ekspedisjon til nordvestlege Spitsbergen, der delar av arbeidet blei hindra av mykje is. Ekspedisjonen var også innom sine russiske kolleger lenger søraust.
I 1908 var De Geer leiar for sin største ekspedisjon. Området var det same som tolv år tidlegare: Isfjorden. Fjorden var alt kartlagt, no var marin zoologi og hydrografi meir i fokus. Fjordbotnen blei grundig kartlagt. Dei studerte også endringar i dei lokale isbreane.
I 1910 var den store internasjonale geologikongressen lagt til Stockholm, ein fagleg ekskursjon til Isfjorden på Svalbard var lagt inn med De Geer som leiar. Om lag 70 deltok denne ferda.
