Gennadij Olonkin

Telegrafist, tolk, polarutforskar, avd.leiar og kjernekar

1898–1960

Fullt navn: Gennadij Nikititsj Olonkin

Eli frå Vardø vart ei gong mot slutten av 1800-talet gift med pomorskipperen Nikita V. Olonkin. Paret slo seg ned i Arkhangelsk-området, og Eli vart Jelena. Paret fekk 11 døtre, og sonen Gennadij Nikititsj Olonkin.

Amundsen

Sommaren 1918 var Roald Amundsen på ekspedisjon austover med «Maud». 
Den unge Gennadij, som var telegrafist, og som altså kunne norsk i tillegg til russisk, traff ekspedisjonen ved Khabarova (innanfor Novaja Semlja). Amundsen fortalde i boka Nordostpassagen: «Idet Olonkin bød farvel, sa han ganske i forbigaaende, at hvis jeg hadde bruk for ham, vilde han gjerne være med». Visst var det bruk for ein telegrafist, Olonkin skulle bli med Amundsen dei neste åtte åra.

Mann med bart og hatt sitter og vasker tøy på vaskebrett
Gennadij Olonkin på Maud-ekspedisjonen. Foto. Norsk Polarinstitutt

Året etter at Maud-ekspedisjonen endeleg vart avslutta i 1925, drog Olonkin ned til Roma for å vera med på å henta luftskipet «Norge». I ein trong cockpit i luftskipet heldt Olonkin radiokontakt med bakken på ferda nordover frå Roma heilt opp til Ny-Ålesund (Kings Bay), nord på Svalbard. Nobile, som var sjef om bord på denne turen, skreiv at Olonkin aldri smilte, men at han hadde eit hjarta av gull.

Bedrag

Olonkin viste seg som ein trufast og dyktig mann. Men dagen etter at luftskipet nådde fram til Ny-Ålesund, fekk Olonkin brått melding om at han ikkje skulle vera med på den vidare ferda mot Nordpolen. Bomann-Larsen skriv i biografien om Roald Amundsen:

«Man har funnet ut at han lider av ‹et midlertidig øreonde›. Russeren tror ikke sine egne ører. Det er det for øvrig ingen som gjør. Det er ikke hørselen som feller Olonkin; det er nasjonaliteten. Ved å bytte ut russeren med nordmannen Fridtjof Storm-Johansen, som tilfeldigvis tjenestegjorde midlertidig ved Kings Bay radio, unngikk man at Amundsens landsmenn ble i mindretall om bord. Olonkin var kjent for sitt mutte drag og sin uttrykksløse taushet; likevel skal en av italienerne ha sett stenansiktet gråte. Gjennom syv år hadde han ligget innefrosset om bord på Maud, og nå på terskelen til den siste avgjørende seilas ble han beordra fra borde – russeren med det trofaste hjertet. Alt for Norge.»

Det var norske kapitalinteresser som var med på å finansiera ekspedisjonen som kravde at russaren vart bytta ut med ein nordmann. Amundsen aksepterer avgjerda. Nobile protesterte, men det hjalp ikkje.

Jan Mayen

Olonkin var lojal, i seinare intervju fortalde han ikkje kva som eigentleg skjedde. Etter 1926 var han eitt år med på selfangst, og var i fire år stasjonsstyrar på overvintring på Jan Mayen. I 1926 vart Olonkin utnemnt til riddar av St. Olavs orden for sin innsats for polarforskinga. Han vart raskt norsk statsborgar og var tilsett på Vervarslinga for Nord-Norge frå 1926 og heilt fram til han døydde. Utanom periodane på Jan Mayen var han telegrafist, instrumentmakar og radiovaktsjef på vervarslinga.

I 1958 starta Forsvaret arbeidet med ein NATO-finansiert LORAN-stasjon på Jan Mayen. Olonkin var med som kjentmann, og stasjonen som blei bygd opp dei neste åra, fekk namnet Olonkinbyen. Gennadij Olonkin døydde av kreft i september 1960 og er gravlagt på Tromsø gravlund. Han etterlet seg kona Marie, to døtrer og ein son.