Charles Rabot

Fransk geograf, noregsven, polarforskar, etnograf, glasiolog, forfattar, redaktør, omsettar, fjellklatrar

1856–1944

Charles Rabot var alt som ung mann ein ivrig fjellklatrar. Han var den første til topps på somme av toppane i dei franske alpane. Frå 1880 og utover i 1880-åra la han ut på lange reiser mot nord. Han tok seg t.d. opp elva Tuloma til Notozerosjøen på Kolahalvøya. Han kryssa Svartisen. I 1882 var han på ekspedisjon til Svalbard, der han blanta anna klatra opp på eit fjell han ga namnet Pic X. Marmier, i dag Marmierfjellet. 
 
Året etter var han den første til å klatra til topps på Kebnekaise, Sveriges høgaste fjell. I 1888 besøkte Rabot mange stader i Vest-Grønland. I 1890 reiste han til Sibir, året etter til Island og Grønlandshavet. Rabots siste polarekspedisjon var i 1892. Då var han innom Jan Mayen for inspeksjon av den austerriksk-ungarske stasjonen som var sett opp der til polaråret ti år før. Etterpå gjekk ferda til Svalbard. 
 
På ekspedisjonane sine tok Rabot mange flotte fotografi. I 1932 ga han fotoplatene frå det polare området til Norges Svalbard- og Ishavsundersøkelser. Desse er no ein del av Norsk Polarinstitutts bildearkiv.  
 
Rabot publiserte mange artiklar og bøker frå reisene sine. Han var ein ivrig omsettar av norsk polarlitteratur til fransk, men dei franske utgåvene var avkorta. Han redigerte tidsskriftet La Géographie frå 1900 til 1914. I 1919 var han aktiv forkjempar for at Noreg skulle få råderetten over Svalbard. 
 
Som pensjonist slo Rabot seg ned på ein lite gard i Bretagne. Han såg mykje likskap mellom dei bretonske fiskarane og nordmennene.