Bjørvik Jacobsen

Fangstmann, forfattar og skulesjef

1916–2000

Bjørvik Jacobsen vaks opp i Tromsø som son av den kjente fangstkvinna Wanny Woldstad. Faren døydde tidleg av spanskesjuka. Då Wanny i 1932 bestemte seg for å forlata sitt liv som drosjesjåfør og dra til Hornsund på fangst, reiste ho utan sønene Bjørvik og Alf. Men dei blei med dei to neste sesongane frå 1933 til -35. Den erfarne fangstmannen Anders Sæterdal var også med. 

Etter returen frå Svalbard tok Bjørvik lærarutdanning. Så fekk han i stand sin eigen overvintringsekspedisjon. Han fekk med seg Odd Lønø (Horten) og Knut Bjåen (Setesdalen) til Halvmåneøya i 1946. Her var det mykje isbjørn etter seks års pause i fangsten. Det vart fangstrekord: 138 isbjørn nedlagt, mange av dei i sjølvskot. Og dei tok med seg tre levande bjørnungar ned til Tromsø.

På Halvmåneøya hadde vi isbjørnene med i 17. mai-toget, og de ble gode venner med hundene.

Intervju med Bjørvik Jacobsen i 1992

13. januar 1947 skjedde uhellet som skulle gje Bjørvik varig mein. I arbeidet med eit sjølvskot går skotet av, gjennom Bjørviks høgre underarm. Begge beina over handrota var knekte. Heldigvis gjekk det ikkje hol på pulsåra, kameratane stelte skaden så godt dei kunne. Det gjekk eit halvt år før dei kom seg ned til Tromsø igjen. Då var handrota grodd saman til ein stiv masse, og handa vart aldri brukbar att. 

Jacobsen hadde med seg Sebben (eigentleg Sebedeus) heim til Tromsø. Den etter kvart store isbjørnungen vart opphav til mange gode historier. Ei gong hoppa han opp då disken på Vinmonopolet og skremde personalet langt inn på lageret. Bjørvik meinte han kunne ha stukke av med «hele varebeholdningen».  
 
Ein varm sommardag i 1947 var Helge Ingstad på besøk i Tromsø, han spør om han kan få filma Sebben i aksjon oppe på Prestvannet ovanfor Tromsø sentrum. Jacobsen, Sebben og Ingstad med filmutstyr går oppover bakkane inntil Sebben blir lei i varmen. Han nekta å gå lenger. Så dei bestiller taxi. Sjåføren er nervøs, men aksepterer. Den stakkars redde sjåføren må kjøra mens bjørnen i baksetet har plassert ein framlabb på kvar av skuldrene hans.
 
Bjørvik skreiv eit bokmanus om Sebben, som dessverre aldri vart publisert. Men han fekk publisert to bøker: ei om si eiga overvintring og ei om «Enigheten» som var fastfrosen i isen i ni månader.

En isbjørnunge står på ekspedisjonsdisken foran vinhyller. Seks personer star bak og ser på.
Sebben på polet i Tromsø. Foto utlånt av Paal Pettersen, Hennes

Så slo Jacobsen seg ned i Nordreisa i mange år, først som lærar, seinare skulesjef. Han er gravlagt i Gryllefjord, der han og kona levde dei siste åra.

Dersom jeg hadde vært ung i dag, ville jeg heller ha «jaktet» på isbjørn med film- eller videokamera.

Intervju med Bjørvik Jacobsen i 1992