Konsul, skipsmeklar, forfattar.
1873–1956
Aagaard var ein særmerkt og mangfaldig figur i det polare landskapet, suksessrik forretningsmann, forfattar, samlar, omsettar og historikar.
Bjarne Aagaard vaks opp i Sandefjord, der han begynte i handelslære som 14-åring. Utferdstrongen var sterk, og han drog til sjøs alt som 15-åring. Dei neste åra starta han på ein karriere innanfor internasjonal skipsmekling.
I 1898 oppretta han firmaet Aagaard & Heitmann i Hamburg. Kompanjongen blei sjuk og måtte trekka seg året etter. Den handlekraftige Aagaard heldt fram og skaffa seg raskt agentur for ei mengd dampskipsselskap med verksemd over store delar av kloden, ikkje minst Asia.
Han landa også ein rekordstor kontrakt i 1902 på skiping av svensk jern ut frå Narvik. Og han bygde opp Farris-konsernet i Larvik.

Rundt 1924 avslutta han sitt rike forretningsliv og via seg til skriving av historia til den norske kvalfangsten i sør. I tillegg gjendikta han gammal persisk poesi til norsk.
Aagaard var tidleg ute (alt frå 1920-talet) med å åtvara mot at den industrielle kvalfangsten i sør ikkje var berekraftig. Dette synet gjorde han upopulær i viktige kretsar. Han hadde også ein finger eller to med i spelet då Noreg annekterte Bouvetøya i 1927, og Dronning Maud Land i 1939.
Bjarne Aagaards hovudverk blei heitande «Fangst og forskning i Sydishavet». Verket på nær 2500 sider kom ut i fire bind (i fem delar) i perioden 1930 til 1950. Det er framleis eit sentralt verk i norsk polarhistorie.
Det er digresjonene på livsbanen som forteller om mennesket bak hvalmasken.
Mumle Gåsegg (Johan Borgen) i Aagaard-portrett i Dagbladet 14. januar 1939
Når jeg nu ser tilbake på mitt innholdsrike og interessante liv, med besøk i fire verdensdeler og 52 forskjellige land, forekommer det hele mig som en drøm, som jeg snart skal våkne opp av for aldri mer å sove. Søvn har det forresten vært minst av, mest arbeid…
Bjarne Aagaard mimrar i artikkel i Norges handels- og sjøfartstidende 30.7.1940