Berntine Johansen

Ei av dei tidlege, dedikerte fangstkvinnene på Svalbard.

1886–1939

Berntine Johansen var fødd 4.4 1886 og vaks opp på yttersida av Senja. Ho rodde fiske, og jobba ein periode som kokk og bestyrar ved gruvene i Birtavarre.

Svalbard-karriera hennar starta i 1920 då ho fekk seg jobb på Store Norskes anlegg i Longyearbyen. Her møtte ho innimellom folk som var på overvintringsfangst, og blei fascinert av fortellingane deira. Så jobba ho i Barentsburg for Nederlandsche Spitsbergen Compagnie frå 1921 til 1924 i strekk.

Berntine hadde ein plan om å spara pengar til å utrusta sin eigen fangstekspedisjon. Sommaren 1924 drog ho til fastlandet for å føda. Før fødselen døydde barnefaren i ei gruveulukke i Barentsburg.

Berntine, som altså var blitt mor, overvintra ikkje sjølv i starten. Ho utrusta Alfred Johansen, som for det meste overvintra i Magdalenefjorden. Dette pågjekk i ei årrekke. Sommaren 1933 gifta Alfred og Berntine seg. Og Berntine blei med opp til Magdalenefjorden for å driva småfangst i området 1933 saman med sonen (Barleif Hårstad) og ei niese.

Småfangsten (dun, sel og egg) fungerte, og Berntine reiste opp kvar sommar framover. I desember 1935 heldt ho fleire lysbildeforedrag og ga pengane til dei på Storsteinnes som trengte litt ekstra til jul.

To kvinner står på steingrunn og holder en gryte, en av kvinnene har forkle og holder gryta, den andre holder lokket
Berntine Bertheussen og Berntine Johansen i Bjørnhamna 1932.

Da kom belgieren Baron Empain på besøk og han hadde to damer med sig… Det luktet fin parfyme av damene og av mig luktet det spekk, men tro ikke jeg var genert for det… så går de rundt rundt en og kikker på en fra alle kanter, som om man skulde være et rart dyr i en zoologisk have. Heldigvis er vi godlyndte og biter ikke.

Berntine Johansen i Polar-årboken, 1940


Så i 1937 ville ho få med seg heile vinteren også. Sonen Barleif på 13 var igjen med, ein smart ung mann. Han laga straum ved hjelp av sykkeldynamo og heimelaga vindmølle, som blei nytta til opplysing av hytta. Ho planta blomar, og til og med to små grantre ved hytta. Og Berntine hadde mørkerom på hytta for framkalling av fotografi

Utpå våren rodde tre mann (Alfred, Barleif og Ingvar Larsen) ut frå hytta. Brått var uhellet ute og dei kantra nokre meter frå land. I det iskalde vatnet var det berre å ropa på hjelp.

Berntine styrta ned til stranda og fekk ut den andre båten som låg der. Ho fekk etter kvart tak i alle tre i vatnet, men det var ikkje mogeleg å få dei opp over ripa, Barleif hadde uvita. På eit eller anna vis klarte ho å få karra dei tre inn til land med éi åre. Niesa kom til, dei slepte mannfolka opp til hytta på kjelke, ein etter ein. Alle overlevde.

Men heime i Tromsø igjen fekk Berntine påvist kreft og døydde hausten 1939.
Ho nådde aldri å få medalje for sin redningsdåd.

Filmprodusent Jason Robert har intervjuet sønnen Barleif: